Hopp til hovedinnhold

5 på topp for den aktive

Nissedal kommune er godt kjent for sine kvite strender for avslapping, men kommunen har så mykje meir å by på. Ønskjer du ein aktiv ferie er vår kommune eit tipp topp valg.

Her er våre 5 på topp for ein aktiv ferie:

19 mai 2015

Canvas Hotel i Nissedal tilbyr terrengsykling i unikt fjellområde.

Eitt fiskekort gjev deg tilgang til 20 fiskevatn, med tilhøyrande båtar og gapahukar. Godt tilrettelagt av Felle Fiskelag.

19 mai 2015

Topptur/dagstur

Hægefjell ligg omtrent midt på grensa mellom Fjone i Nissedal og Vrådal i Kviteseid. Ein kan nå den 1022 meter høge toppen frå båe kantar.

Bratt og tøff topptur, 802 m.o.h. 

Startpunkt ved Rv 41, 7 km frå Treungen sentrum. Det står eit lite treskilt langs vegen med "Jasusnatten" på høgre side. Herifrå går det bratt oppover. Nokre parti er det taug til å halde fast i.

Tjørull er eit ynda område for kanopadling.
Ta med sovepose og fiskestong, og opplev ei stille sommarnatt under stjernene.

Developed by Aplia AS     Powered by eZ Publish - Personvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.