Forside > Vinter > Aktivitetar inne > Bak slik bestemor gjorde


Bak slik bestemor gjorde

- Vinter i Nissedal


Bak slik bestemor gjorde

Kling, potetlefse og flatbrød. Ingunn Dahle Hansen i Treungen bakar etter gamle oppskrifter. Få gode baketips og lag din eigen bakedag.

Takka står klar på benken. Ingunn fører kjevla over deigen, som skal forandre form frå liten og tjukk til stor og tynn. Deigklumpen blir flatare og flatare, for kvar gong kjevla tek tak.

Til slutt har Ingunn baka ut ein stor, rund og tynn leiv. Ho finn bakstepinnen og legg leiven forsiktig over på takka. Så viftar ho vekk dampen som stig opp.

Ho snur leiven fleire gonger, slik at den ikkje svir seg. Så er den ferdig og blir lagt i bunken med dei andre, ferdigsteikte klingane.

Lærte av Hege

-          Eg lærte å bake lefser av Hege Tveit. Me var ein gjeng på skulen for nokre år sidan, der Hege hadde kurs for oss, forklarar Ingunn.

-          Bestemor baka også, legg ho til.

-          Eg synest me skal ta vare på tradisjonane, slik at dei ikkje forsvinn.

I tillegg til klingen, er potetlefsa og flatbrødet viktig å få ferdige til jol. Potetlefsa blir laga på same måten som klingen, bare med malt potet inni. Flatbrødet bakar Ingunn med grovt mjøl, sammale fint og sammale grovt.

Krev plass

-          Skulle eg bygd hus i dag, skulle eg ha bygd det med kaldkjellar. Då kunne eg ha baka der, slik som dei gjorde i gamle dagar. Takka og utstyret kunne bare stå klart, så kunne ein gå ned og bake når ein hadde lyst, seier Ingunn.

Det går greitt på kjøkkenet også, men takka må pakkast opp og ned, i tillegg til at bakinga krev god plass, både på benker og bord.

Sukker og smør

-          Eg brukar å lage deigar om gjev 25 klingar om gongen. Dei skal vere tynne, men ikkje helt gjennomsiktige. Så smør eg dei med smør og sukker.

Ingunn bakar til eigen familie og til andre. Tida før jol kan bli ganske hektisk inne på det vesle kjøkkenet.

-          Der er det ulikt kva folk likar. Nokre vil ha det slik at det tyt smør og knasar i sukker, andre vil nesten ikkje ha dei smurt, og andre igjen synest det er viktig å bruke Kviteseidsmør, seier Ingunn.

Kaffe og kling

Ho tek smør og fordeler det utover leiven, som er bløyta opp litt og er mjuk og fin. Smøret er vanleg meierismør. Så strør ho eit tynt lag sukker og nepper leiven inn frå kantane. Til slutt blir det eit fint rektangel, som ho skjer opp i passe serveringsstykke.

Kaffen er klar og klingane ligg fint dandert på eit lite stettfat. Det smakar herleg og minner om smaken frå bestemors kjøkken.

Tekst: Tone Lundeberg Reinholt <toneSPAMFILTER@reinholt.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Det er servert hos klingbakar Ingunn Hansen. Foto: Simonas fotostudio



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.