Forside > Sommar > Vandre > Hægefjell Nissedal


Hægefjell Nissedal

- Nissedal, best heile året


Hægefjell Nissedal

23 juli 2013

Topptur/dagstur

Hægefjell ligg omtrent midt på grensa mellom Fjone i Nissedal og Vrådal i Kviteseid. Ein kan nå den 1022 meter høge toppen frå båe kantar.

Vrådal

Når ein kjem køyrande frå Vrådal, svingar ein inn ved skisenteret. Der kan reiseføljet køyre til toppen (bomveg), eller ta gondolen opp, før ein hufsar på seg sekk og vandreutstyr og går stien mot toppen.

Nissedal - Fjone

Frå Fjonesida køyrer ein oppover ein nokså lang grusveg med bom. Sjølve stien startar nede ved enden av klatreveggen. Her er det lurt å ha med seg kikkert. Både for å nyte utsikten frå toppen, men også for å kikke på klatrarane i fellveggen.

Via Lara

Via Lara heiter den mest kjende klatreruta og var den kjendisane i TV-programmet 71 grader nord forserte, då dei besøkte fylket vårt i 2010.

Aktivitetar ved Hægefjell - Fjone:

  • Fjoneferja – Noregs minste kabelferje for biltrafikk. Fraktar deg trygt over innsjøen Nisser. Ferjekafé med uteservering.
  • Tarzanslynga – treng du eit adrenalinkick, kan du kaste deg ut i eit kjempeslyngetau ved Nisser Hyttegrend og Camping på Fjone.
  • Kjempehaugane på Fjone – er gamle gravhaugar frå bronse- eller jarnalderen. Lette og finne, bare 200 meter frå fylkesvegen.
  • Keramikk – John Skognes brenner keramikk i vedfyrt steinomn. Verkstad og keramikkutsal. Ligg rett ved innkjørsla til bomvegen opp til Hægefjell.
  • Mallorca – kilometerlange sandstrender, det er Fjone, det. Sandnesodden Camping har finkorna sand og barnevenlege strender.

Turistinformasjon

Nissedal turistinformasjon, sommarope (14.6-15.8) mån.-laur., tlf. 35 04 84 44, turistSPAMFILTER@nissedal.kommune.no <turistSPAMFILTER@nissedal.kommune.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen), www.nissedal.kommune.no

Last ned miniguide:

Klikk for stort bilete



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.