Forside > Sommar > Sykle > Sykkelstiar på fjellet


Sykkelstiar på fjellet

- Nissedal, best heile året

LUFTIG MØTE: Vandrarar brukar også sykkelstiane, som har hengebruer og klopper. Foto: Per Kveim

SVABERG: Sykkelrutene mellom Gautefall og Heimdal har kilometer med svaberg. Foto: Per Kveim

NYE SKILT: Lett å finne fram, med nye skilt og QR-kodar. Foto: Per Kveim


Sykkelstiar på fjellet

Store område med svaberg og 100 kilometer sykkelstiar i heia, gjer Nissedal til terrengsyklistens Mekka.

-          Sti-nettet måler 100 kilometer med rubbel og bit, men det er ikkje alle stiane som er tilrettelagde, forklarar Per Kveim.

Han er grunneigar i Heimdal og ivrig stisykkelentusiast.

Klopper og bruer

Per Kveim har bruka 1200 timar for å sette stiane i stand. Hundrevis av meter med klopper og to solide hengebruer er på plass i dei tilrettelagde sykkelstiane på heia mellom Gautefall og Heimdal.

Stisykkelprosjektet er støtta av Nissedal og Drangedal kommunar, fylkeskommunen, og Gjensidigestiftelsen, gjennom Treungen Idrettslag. Dermed er stiane tilgjengelege for alle som vil prøve.

Steinvardar

Per Kveim har undersøkt terrenget i Nissedal kommune, gjort avtaler med grunneigarar og registrert sykkelstiar, som igjen er teikna inn på eit nytt sykkelkart. Ein del av sti-nettet er merka med skilt og små steinvardar. Ikkje eitt målingstrøk er bruka for å vise vegen ute i heia. Per har lagt to steinar oppå kvarandre, små vardar som viser veg.

-          Det fungerar bra. Særleg ved Reinsvatn ligg vardane tett. Der er det store område med svaberg og er eit eigna område for å prøve seg litt, dersom ein ikkje har sykla så mykje før, seier Per.

Trygt med QR

Ein kan starte ved Gautefall, Felehove, eller Heimdal. Skilt med stadnamn og små plater med trykte QR-kodar står plassert ved startpunkt og ute i løypa. Her kan folk scanne inn koden og få opplysningar om kart, informasjon, gps-koordinatar og ei skildring av området dei er i.

Velkomen vandrar

-          Dette er ålreit for vandrarar også. Eg håpar turinteressa tar seg opp. Her er det fint for familiar å gå ein tur, seier Per.

-          Men korleis går det når småbarnsfamilien treff terrengsyklisten, som gjerne kjem i full fart på stien?

-          Det vil ikkje vere eit problem her. Terrenget er relativt krevjande, så hastigheita avgrensar seg sjølv. Dei aller fleste tek det som ei turoppleving og stoppar og pratar med vandrarane, seier Per.

Kjøp kart

Kartet ligg ute for sal i turistinformasjonen, på butikkar, bensinstasjonar og på kommunen. Stiane som er merka, passar for alle. Rundturar frå ein halv time til langtur opp mot ein og ein halv dag, kan lokke både familiar og erfarne syklistar.

-          Det er fine overnattingsmoglegheiter ved Reinsvatn, tipsar Per Kveim.

LUFTIG: To hengebruer sikrar overfarten over juvet. Foto: Per Kveim

PÅ SYKKEL: Med kloppelagde myrar treng ikkje syklisten gå av sykkelen i heia. Foto: Per Kveim



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.