Forside > Sommar > Klatring > Klatrefestival 2017


Klatrefestival 2017

- Nissedal, best heile året


Klatrefestival 2017

Dei glattskura svaene i Nissedalsfjella har i åresvis tiltrekt seg klatrarar frå heile Europa. Siste helga i august blir det festival, der også nybyrjarar kan lære å klatre.

All info om Nissedal Klatrefestival finn du her

"Dalen Gud skurte" er tittelen på ein artikkel Arne Larsen skreiv om Hægefjell og klatrerutene der i bladet Klatring nr 4 i 1994. Fjella i Nissedal er eit funn for klatrarar. Då redaktøren for magasinet Klatring, Dag Hagen kom for å kikke på forholda i fjor haust, blei han nesten mållaus over landskapet. Så mykje klatrefjell på ein gong er sjeldan vare.

Om du  foreksempel Googlar "hægefjell klatring", så kjem du inn i ei bloggarverd der klatrarane lovprisar området.

25.-27. august

Fyresdølen Olav Tarjei Valebjørg er sponsoransvarleg for Fri Flyt og klatrefestivalen i Nissedal, som går av stabelen 25.-27 august. Han meiner Nissedal har eit stort potensiale for å utvikle seg som adrenalinsportens mekka i Noreg.

- Me siktar på å bli Noregs største klatrefestival om få år, seier Valebjørg.

Han har eit tak på 150 personar på historias fyrste klatrefestival i Nissedal. Festivalen skal ha base på Nisser Hyttegrend og Camping og klatreaktivitetane skal foregå i hovudsak i området rundt, med Hægefjell i nord og Ovnen i sør.

Hægefjell

Hægefjell tilbyr dei lengste rutene, dei som tek omlag ein dag å gjennomføre.Nokre ruter i området er mindre bruka og Fri Flyt har fått støtte frå Nissedal kommune for å vedlikehalde desse klatrerutene i forkant av festivalen.

Fokuset vil vere å ha ruter på alle nivå, frå nybegynnar til ekspert. I tillegg blir det høve til å klatre utan sikring på dei spesielle buldresteinane i området nedanfor Hægefjell.

Bratt friluftsliv

Fri Flyt har stått bak mange såkalla Bratt Friluftsliv-festivalar. No er tida komen for å satse meir på klatring.

- Før var klatrarane ei mindre kjerne av entusiastar og pionerar, men nå er klatresporten i større grad omfamna av alle. Difor er det behov for å skape ein arena som passar både nybyrjarane og ekspertane, seier Valebjørg.

- Me skal skape ein unik arena for klatring, der alle som er interesserte i sporten kan møtast, legg han til.

25. - 27. august 2017

man tir ons tor fre lør søn
         V  V  V


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.