Forside > Sommar > Fiske > Fiske i Nisser


Fiske i Nisser

- Nissedal, best heile året


Fiske i Nisser

Prøv fiskelykka i den fire mil lange innsjøen Nisser. Fiskekort kjøper du i turistinformasjonen.

I Nisser finst aure, sik, røye og tryte (abbor). Du kan fiske med stong frå land, men best er det nok å leige ein båt og kome seg utpå vatnet. Mange brukar oter og synest fisken bit best på fluger. Andre svergar til makk og dobbe.

Fisketips, kart og utstyr får du på MX Sport i Treungen. Bensinstasjonar og daglegvarebutikkane har også fiskeutstyr.

Skitt fiske!

Turistinformasjonen:

Tel: 35 04 84 44

Epost: turist@nissedal.kommune.no

Kveldsfiske på Nisser i juli. Foto: Tone Reinholt



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.