Forside > Sommar > Bade > Jettegrytene


Jettegrytene

- Nissedal, best heile året

Foto: Terje Rakke

Foto: Terje Rakke


Jettegrytene

Jettegrytene i Eikhom lokkar turistar frå fjern og nær. Den perfekte badeplassen for deg med tenåringar i familien.

Ein varm sommardag kan med fordel nytast i Jettegrytene. Pakk bilen med god niste, gode teppe til å sitte på, badetøy og store handkle.

Du tek av frå riksveg 41 ved Haugsjåsund familiecamping. Deretter er vegen skilta mot Jettegrytene. Hugs å ta med bompengar.

Start tidleg

På solrike dagar, kan det vere vanskeleg å få ein god parkeringsplass. Start tidleg og et heller frukosten framme ved målet. Du køyrer heilt fram til badeplassen.

Jettegrytene ligg i eit privat område og det er ingen badevakt på plassen. Difor har du ansvaret for tryggleiken din sjølv. Pass særleg på når du går på berget, det kan vere farleg glatt.

Det er også den mjuke, glatte steinen som skaper den gode badeopplevinga. Elva Fyresåna har snurra rundt stein i elveleiet, slik at det har laga seg store og små jettegryter.

Heilt naturleg

Etter at elva blei demt opp for kraftproduksjon, kom jettegrytene til syne og folk byrja etter kvart å bruke det som badeplass. Ei naturleg vass-skile passar for store og små.

NB: Det kan vere ei utfordring å ha med seg dei aller minste barna på denne badeplassen. Den er ikkje det ein kan kalle barnevenleg.

For dei unge

For dei største barna, tenåringar og vaksne, er dette eit perfekt område. Ein kan hoppe ned i grytene og skli nedover elveleiet. Dei tøffaste hoppar ned i den største jettegryta. Men ver forsiktig. Undersøk grunnen før du hoppar.

Et gjerne lunsj og middagen her, men ver venleg: Ikkje tenn opp bål, eller eingongsgrill, rett på berget. Då sprekk det opp og den fine badeplassen blir øydelagt.

Nyt det heilt spesielle landskapet og Nissedals naturlege badeland.

Turistinformasjonen

Treungen sentrum

Tel: 35 04 84 44

Foto: Terje Rakke



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.