Forside > Sommar > Båtliv > Fjoneferja


Fjoneferja

- Nissedal, best heile året


Fjoneferja

Noregs minste kabelferje fraktar deg over Fjonesundet, mellom Nissedal og Fjone.

Om Fjoneferja:

Fjoneferga M/F ”Nissen” har vore i drift sidan 1947 og fram til i dag, med eit opphald fyrst på 50 – talet. Norges siste kabelferge som trafikerar Nisser frå Fjone til Sundsodden i Nissedal, var det einaste vegsambandet for innbyggjarane på Fjone før vegen til Treungen kom i 1967.

I dag blir ferga mest nytta i turistsamanheng og au noko som nyttetransport for næringslivet i Nissedal og dei nærliggjande områda. Kvart år blir det frakta mellom 5 – 6000 personbilar i tillegg til passasjerar, syklar, motorsyklar og bussar over den 5 00 m lange strekningen mellom vest – og austsida av Nisser.

Denne attraksjonen er eit reisemål som er vel verd å oppleve i naturskjønne Nissedal. Velkommen ombord !



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.