Forside > Sommar > Båtliv



Båtliv

Innsjøen Nisser er fire mil lang og strekker seg frå Treungen til Vrådal. Perfekt for det gode båtlivet.

Utforsk Nisser og andre vatn i Nissedal med båt:

Nisser er ein av dei største innsjøane i Telemark og er eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura, høgreiste fjell.

Tjørull er eit ynda område for kanopadling.
Ta med sovepose og fiskestong, og opplev ei stille sommarnatt under stjernene.

Noregs minste kabelferje fraktar deg over Fjonesundet, mellom Nissedal og Fjone.


Foto: Simonas fotostudio


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.