Forside > Sommar > 10 på topp i Nissedal



10 på topp i Nissedal

Nissedal har mange aktivitetar å by på. Her er 10 ting du bare må prøve medan du er her.

Sjå våre 10 på topp:

Jettegrytene i Eikhom lokkar turistar frå fjern og nær. Den perfekte badeplassen for deg med tenåringar i familien.

Noregs minste kabelferje fraktar deg over Fjonesundet, mellom Nissedal og Fjone.

9 juni 2013

Canvas Hotel i Nissedal tilbyr terrengsykling i unikt fjellområde.

Eitt fiskekort gjev deg tilgang til 20 fiskevatn, med tilhøyrande båtar og gapahukar. Godt tilrettelagt av Felle Fiskelag.

Let deg vandre gjennom tidsepokene og utforske dine forfedres tidsalder på ein måte du sjeldan har sett maken til.

Kafé, gardsbutikk og aktivitetar ved Telemarks største innsjø.

Tjørull er eit ynda område for kanopadling.
Ta med sovepose og fiskestong, og opplev ei stille sommarnatt under stjernene.

Treungenfestivalen går over fire dagar, fyrste helga i august, og samlar omlag 12000 personar. Ei heilt spesiell konsertoppleving på Sommarsletta.

Sandnesodden camping på Fjone: Har den lengste samanhengande sandstranda i kommunen. Båtutleige.

9 juni 2013

Topptur/dagstur

Hægefjell ligg omtrent midt på grensa mellom Fjone i Nissedal og Vrådal i Kviteseid. Ein kan nå den 1022 meter høge toppen frå båe kantar.



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.