Forside > Flytte hit > Nissedal kommune


Nissedal kommune

 - Det gode liv på landet

Sjekk ut: Fjonesundet


Nissedal kommune

Vest-Telemarks svar på Sørlandet

Plassering

Nissedal er Vest-Telemark sitt svar på sørlandet. Med mjuke svaberg, kilometerlange sandstrender og eit unikt badeland med store jettegryter, framstår Nissedal som eit sommarparadis. Ikkje for det. Vinteren er vakker i Nissedal. Alpinanlegget på Gautefall er like ved, i tillegg til gode langrennsløyper i heile kommunen.

I går

Kommunen ligg på grensa til Aust-Agder. Difor er byen til nissedølane Arendal. I gamle dagar, då fraktebåtane gjekk på Nisser og drog tømmer, eller transportera folk og fe og varer, gjekk ferda vidare til sørlandsbyen for å selje og handle. Malmutvinning i Søftestad Gruber var grunnen til at det gjekk tog frå Arendal til Treungen. Men gruvedrifta tok slutt og toget stoppa opp i 1967. I denne gullalderen var det var fleire hotell og pensjonat i kommunen. Fiffen kom med toget frå byen til rekreasjon på landet. Forfattaren Knut Hamsun hadde nokre av sine somrar på eit av hotella i Treungen.

I dag

I dag har nissedølen andre utfordringar og næringsvegar. Tradisjonelt jordbruk er bytt ut med reiselivsbedrifter. Nissedal har satsa stort på hytteutbygging og har om lag 2000 hytter og fritidsbustader. Det tyder at kommunen, som til vanleg huser bare 1400 innbyggjarar, tre- og firedoblar folketalet i helger og feriar. Hyggelege hyttefolk skaper liv og røre i alle grender og kommunesenteret Treungen. Her finst innandørs leikeland rett ved innsjøen Nisser og fjella i Nissedal er populære blant klatrarar.

 

Innbyggartal: 1404
Areal: 908 km2

Meir info: Nissedal kommune



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.