Forside > Flytte hit > Kom - prøv å bu i Nissedal


Kom - prøv å bu i Nissedal

 - Det gode liv på landet


Kom - prøv å bu i Nissedal

14 okt 2014

Har du budd på landet før? Eller kanskje du aldri har vore ut av byen i det heile? 

Uansett bakgrunn så er det mange som leikar med tanken om å flytte på landet. Anten attende til gamle røter eller for å gro heilt nye.

I så fall byr no Nissedal kommune på ein gylden moglegheit. Kommunen har ein splitter ny prøvebustad med to separate leilegheiter til utleige i Treungen. Prøvebustaden er meint å vere stad der folk kan kan bu for ein periode og såleis «teste ut» bygdelivet. Å leige bustad kan minske risikoen ved å flytte til ein ny stad. Ved å leige kan de bruke tida på bli kjent og verkeleg finne ut om dette er plassen for dykk. Om det er her de vil kjøpe hus, byggje og bu. 

Delt glede, dobbel lukke

Prøvebustaden er ein nybygd vertikaldelt tomannsbustad, der kvar leilegheit er på 82 m2. Leilegheitene har tre soverom, stoge og kjøken i open løysing, bad, bod/vaskerom, gang og vindfang. Det er også garasje med tilhøyrande bod til kvar eining. Leilegheitene er ljose, praktiske og trivlege. Alt av kvitevarer, inkludert vaskemaskin og tørketrommel er integrert. Varmepumpe, vedomn og varmekabel på bad syter for god varme i heile huset. I tunet er det lagt asfalt og det er plen/naturtomt rundt huset. Kvar leilegheit har stor terrasse med utgang frå stoge/kjøken som gjev god plass for triveleg uteliv.

Heilt enkelt nært

Om me kan love ein litt enklare kvardag? Ja, det skulle ikkje overraske oss. Leilegheitene ligg nemleg svært sentralt i byggefeltet Kaasa Solli i Treungen. Med barnehage, skule, skitrekk, butikk, bank, kommunehus, legekontor, vatn og strand innanfor ein omkrins på 1200 meter sparer du mykje tid og energi på logistikk. Det me derimot ikkje kan love at du får mindre å gjere ved å flytte hit. Mogleg du til og med kan ende opp med litt meir. Eit engasjement i bygde- og foreiningslivet er morosam bruk av fritid og gjev på same tid trygt innpass i sosiale nettverk. Det er fint å bruke tid i lag med andre, treffe nye menneske og setja nye idear ut i livet - knyte band og skape gode opplevingar. Tenk om de skulle bli like glade i Nissedal som me er. Det hadde vore moro, det!

Tru om det blir du og din familie som skal fylle huset i Kaasa Solli med sjel, liv og latter? Om du vil vite meir om leilegheitene og leigetaking, ta kontakt med teknisk sjef i Nissedal, Kjell Vøllestad, på tlf. 35 04 84 33 eller 901 73 809 eller på e-post kjell.vollestadSPAMFILTER@nissedal.kommune.no <kjell.vollestadSPAMFILTER@nissedal.kommune.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Dette blir spennande - me gler oss!

 

Praktisk info

Vertikal delt tomanns bustad, BYA 176m2. Kvar leilegheit er BRA 82m2:

  • 3 soverom, stue, kjøkken, bad, bod/vaskerom, gang, vindfang.
  • Garasje med tilhøyrande bod.
  • Alt av kvitevarer, inkl. vaskemaskin og tørketrommel
  • Varmepumpe og vedomn+ varmkabel på bad.

Uteområdet:

  • Asfalt i tun
  • Litt plen
  • Stor terrasse (28m2 pr. leilegheit)

Nærområde

  • Barnehage: 300 meter.
  • Skule: 600 meter.
  • Skitrekk/alpinbakke: 300 meter
  • Butikkar, bank: 1200 meter
  • Kommunehus/legekontor: 1200 meter
  • Sentrum 1200 meter.
  • Vatn/strand. 300 meter


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.