Arne Roars smøretips
Det er ikkje noko som er så kjedeleg som bakglatte ski. Det kan ta motet frå nokon og einkvar, nybyrjar som garva langrennsløpar. Arne Roar Rygh frå Treungen har mange års erfaring frå skisporet og deler sine tips.
- Det fyrste du skal gjere når sesongen er slutt er å reinse skia, seier Arne Roar.
- Og om ein har gløymt det?
- Ja, då er det litt større jobb når ein tar dei fram igjen. Bruk skirens på festesona og glisona. Skirens må du ta veldig forsiktig på glisona, ha klar ei tørkefille og tørk rett etterpå, forklarar Arne Roar.
Reine ski
Dersom det er gamal klister under, kan det lønne seg å bruke floss, eller spesielt tørkepapir for ski, for å få det heilt reint. Så er det bare å gyve laus på glisona, framme og bak på skiene.
Fram med smørejernet, eller eit gamalt strykejern, og smelt glider ned på glisona. La det dryppe ned med eit par centimeters mellomrom. Ta så strykejernet og stryk det ut på svak varme. Pass på at det ikkje kjem glider i festesona. Brukar du ikkje glider, vil solen tørke og skia øydelagde.
Så set du ut skia i 15-30 minutt, kjem an på kor kaldt det er. Ta dei inn igjen og skrap vekk det som er overflødig med ei sikleskrape. Bruk ein børste til slutt og børst bakover.
Raud, blå og grøn
Deretter er det festesona som står for tur. Det skal vere merka under skia, men ein kan også teste det med å stå på skia på eit flatt golv.
- Det du ikkje trør ned i golvet er festesona, seier Arne Roar.
- Puss over festesona med eit sandpapir, på langs. Bruk grunnvoks, smør det på og smelt det inn med strykejern. Set ut skia igjen i 15-30 minutt.
- Ta inn skia og legg på den dagsaktuelle smurninga. Ein bør ha raud, blå og grøn smurning, det er heilt nødvendig, seier Arne Roar.
Tynne lag
Han tipsar også om at det er lurt å smøre fleire tynne lag, enn å klabbe på med eitt tjukt. Tre-fire tynne lag held til 15-20 kilometer. Kork inn etter kvart lag. Blir det varmare ver, kan du bare smørje på smurning som passar for varmt ver, men ikkje omvendt.
- Etter fem-seks mil, er det lurt med ny glider. I påska er det bare klister som gjeld, dersom spora er isete og veret er varmt. Klister bør du fjerne med skirens etter kvar tur, er rådet frå Arne Roar Rygh.
Klister bør ein påføre inne i varmen, så set du ut skia før du reiser på fjellet. Reiser du langt, så la skia kvile 10 minutt ute, før du spenner dei på deg.
Og det aller viktigaste når skisesongen er over: Reins skia før du set dei vekk og set inn glisona med glider.