Link tab title



Treungen IL > Turgruppe/turstiar


- Treungen IL offisiell nettside


Turgruppe/turstiar

Treungen IL har langt over 100 km merka turstiar, dersom ein tar med løypenettet til Telemarks Tøffaste. 

Vi har kasser med namnebøkar på 15 toppar, og kan elles anbefale Nisserstien frå sentrum til Lia (6 km), Norkåsen - Liland - Nappen - Russli, og mange andre sidestiar i dette området. 

Kassene, som blir trekt med ein premie pr kasse kvar sommar, finnast her:

Hjasufsknatten, Gjerulvsknatten, Hågfjell, Russlikollen, Tveitåsen, Røyråsen, Skuggenatten, Lislehei, Nesheia, Haugsjånipen, Furenusteren, Langfjell, Ervedalsfjell/ Skulhom, Kronfjell, Allambergknatten (eigentleg Allamberg, ytst på Ånundsbufjellet...).

Vi har håp om kart og nøye forklaring på alle stadene ein gong. Spør elles lokale folk og turistinfo, og leiar i turgruppa, Unni Britt Hansen (kontaktinfo annan stad på nettsida her)

Sjå nokre av turstiane på kommunens nettside HER.



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.