Link tab title



Treungen IL > Bli medlem


- Treungen IL offisiell nettside


Bli medlem

Er du med på aktivitet i Treungen IL? Då må du også vere betalande medlem i eit av kommunens idrettslag, og betale treningsavgift på nokre av aktivitetene, samt registrere deg i MinIdrett   - sjå meir her: 

Betaling av medlemskap og treningsavgift er som før, sjå lenger ned. Men først:

Alle som ønskjer å vere medlem i Treungen IL opprette ein brukar på Min Idrett og melde seg inn i klubben via Min Idrett! Dei fleste som betalte medlemskap i 2016 er registrert og fått oppretta ein midlertidig brukar. Men du må også logge deg inn og verifisere opplysningane. Gå til nettsida https://minidrett.nif.no. Klikk på linken "Ny bruker" øverst i høgre hjørne og fyll inn alle opplysningane. Når du har logga på vil ein brukarprofil opne seg. Her kan du sjølv legge inn informasjon.

For videoveiledning https://www.youtube.com/watch?v=DkqeThG82-o.

https://itinfo.nif.no/Min_idrett_brukerveiledning.

Support e-post: minidrett@support.no

Her er betalingsinfo og prisar:

MEDLEMSKAP Treungen IL: 

Hugs å skrive namn og alder på kven som er med på familiemedlemskapet.

Kontonummer medlemskap: 2714 58 03336 

Familie: Kr. 500,- 
Enkeltperson: Kr. 200,- 
Enkeltperson under 18: 150,- 

NB: Skriv tydeleg på betalingsinformasjonen kven medlemskapet gjeld for, samt alder! 

(Friviljug lisens for ikkje-aktive støttemedlemmar: valfritt beløp. På førehand takk for bidraget til innsats for folkehelsa i Nissedal!) 

TRENINGSAVGIFT FLEIRBRUKSHUSET:

(Treningsavgifta har kontonummer: 2714 10 05966. Snakk med instruktøren om betaling/ utdeling av giro)

Kommunestyret har vedtatt å ta leige i Fleirbrukshuset. Dette medfører om lag kr. 30.000,- i året for Treungen IL. Derfor skal no alle betale treningsavgift, så vi får dekt inn dette. Prisene er likevel, og framleis, svært låge samanlikna med andre. Styret har vedtatt denne ordninga: 

• Spinning og zumba kr 500,- i semesteret. 
• Fotball, volleyball, trimboksing, innebandy og evt andre i Fleirbrukshuset kostar 200,- i semesteret. 
• Er ein med på fleire enn ein aktivitet er det halv pris på resten. (Full pris på den dyraste.) 
 
• Ingen treningsavgiftar for personar under 18 år. 

(Fotball og ski har eigne ordningar) 

Forklar TYDELEG på betalingsinfo kva du har betalt for. 

Instruktørane har elles oversikt og kan gi deg den informasjonen du treng.



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.