Link tab title



Telemarks Tøffaste > Transport og overnatting



Transport og overnatting

Her er info om transport til Treungen via bil, buss, tog og fly, samt overnattingsmulegheiter i området, blant anna overnatting i gåavstand. Ver tidleg ute med å bestille.

Bil frå Oslo: E-18 til Porsgrunn, følg skilt til Drangedal. Eit par mil etter Drangedal til venstre mot Gautefall/ Treungen, på rv 358. Alternativt E-134 mot Kongsberg (i Drammen), Notodden, Seljord, Vrådal (rv 41) til Treungen.
Frå Vestlandet: Til Odda, E-134 over Haukeli, mot Åmot (Vinje), Høydalsmo, Morgedal, til høgre i Brunkeberg inn på rv 41 mot Vrådal/ Treungen.
Frå Sørlandet: Frå Kr.sand følg rv 41 mot Birkeland og vidare til Treungen. Frå Arendal følg E-18 til Fiane, til venstre på rv 415 til Åmli, vidare rv 41 til Treungen.
Buss: Haukeliekspressen går frå Bergen og Oslo til Seljord. Frå Seljord går det buss til Fyresdal, men du bytter buss til Treungen i Vrådal. Sjå busstider på Telemark Bilruter.
Tog: Tog til Drangedal, som er 40 km unna Treungen. Nokre togtider korresponderer med buss til Treungen, sjå Drangedal Bilruter. Alternativ togstasjon er Nelaug (buss til Treungen 4 g om dagen) og Bø (buss til Seljord).
Fly: Næraste flyplass er Kjevik, 120 km unna. Dårleg bussforbindelse, det beste er buss til Arendal og Telemark Bilruter til Treungen frå Arendal Bussterminal.
Torp Sandefjord er 130 km unna, der går Telemarksekspressen til Seljord, deretter buss til Treungen (sjå over.)
Oslo Gardermoen ligg 300 km unna. Flytog/ flybuss til Oslo S, og Haukeliekspressen til Seljord - Treungen (sjå over).

 

OVERNATTING:

OVERNATTING I GANGAVSTAND FRÅ KLUBBHUSET:
Nye, rimelege hytter med bra standard ved Best bensinstasjon, ligg fint til nede ved elva - 600 meter unna. Bestilling: 9058 7322.
Mindre, låg/middels standard, svært rimelege hytter ved Saga Camping, 800 meter frå klubbhuset, retning sentrum (til venstre før brua). Bestilling: 41027888
Tveitsund Fisk og Ferie - opp til 20 sengeplassar (5 på madrass), i eit flott, gamalt pensjonat i 20-talls stil, fine 2-sengs rom, 600 meter unna. (Reservert)
Treungen Gjestgiveri, i Treungen sentrum (Tveitsund), 1,2 km unna. Tre-fire 2-sengs rom, ikkje høg standard, men gamal pensjonatstemning. Bestilling: 9016 5149.
OVERNATTING PÅ GAUTEFALL - fleire hundre tilgjengelege sengar i hytter eller leilegheit - 10-15 minutts avstand med bil (15 km):
www.gautefall-sentralen.no

eller
www.gautefallhyttene.no

Gautefall Hotell skal visst opnast opp att snart.

Quality Straand Hotell & Resort i Vrådal, 40 km unna, rv 41 mot nord. Flott hotell. Booking på https://www.nordicchoicehotels.no/Quality-Resort/Quality-Straand-Hotel--Resort

Vik Camping, Nisser Camping, Sandvik Camping og fleire til  - det er nok av camping og hytter i området. Bare å søke og Google.

Du kan også campe gratis på idrettsplassen  - både telt, bubil og campingvogn er ok. Tilgang til klubbhusets toalett  - ikkje anna, og ikkje straum. Avtalast på førehand via e-post helgeSPAMFILTER@reinholt.no <helgeSPAMFILTER@reinholt.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen) SEINAST to veker før arrangementet.



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.