Link tab title



Telemarks Tøffaste > Sikkerheit og erklæring



Sikkerheit og erklæring

Her finn du sikkerheitsinstruksen, teksten til eigenerklæringa og lista til tilrådd utstyr i sekken.

Ved påmelding er denne erklæringa akseptert.

Før start må deltakarar under 18 år sine føresette signere denne eigenerklæringa om sikkerheit:

Eigenerklæring

Eg stadfestar at eg deltek på Telemarks Tøffaste på eige ansvar.
Eg har lest og forstått sikkerheitsreglane og informasjon som gjeld for Telemarks Tøffaste. Eg har sett meg inn i skriftleg og munnleg informasjon gjeven av arrangøren, og forstår at løpet til tider går i krevjande skogs- og fjellterreng.
Der løpet følgjer veg eller kryssar trafikken pliktar eg å vise aktsomheit for trafikantar.
Eg har med meg det utstyret som er påkravd. Eg er sjølv ansvarlig for å ta meg trygt fram gjennom løpet, held sjølv nødvendig utstyr og proviant og er sjølv fysisk og psykisk rusta for løpet.
Eg pliktar å halde meg til den merka løypa.
Dersom eg bryt løpet, pliktar eg å melde meg til arrangør så fort som mulig.
Eg pliktar å rette meg etter dei beskjedar som blir gjeve av arrangøren.
Dersom det oppstår nødsituasjonar plikter eg å hjelpe til etter beste evne og melde i frå til arrangøren.
Eg rettar meg etter fjellvettreglane.

Sikkerheitsreglar

Ansvar og sikkerheit

Alle løparar deltar på eige ansvar, og må følgje sikkerhetsopplegget til arrangøren og fjellvettreglane. Dersom det oppstår nødsituasjonar plikter ein å hjelpe til etter beste evne og å rette seg etter instruksar frå arrangøren, tlf 9085 8766. Ved behov for akutt hjelp/ livstrugande skal medisinsk nødnummer 113 varslast aller først. Arrangør har ansvar for å ha kontroll på om lag kvar løparane er og umiddelbart starte søk etter sakna personar ved hjelp av Nissedal Røde Kors.

Fysiske krav

Turen krev god fysisk form, kondisjon, uthaldenheit og ansvarleg vurderingsevne i fjellet.

Avbrote løp

Dersom ein avbryt løpet skal dette gjerast ved å ringe 9085 8766.

Traséen

Løparane pliktar å følge oppmerka løype. Ferdsel utanfor merka løype fører til diskvalifikasjon.

Tilrådd utstyr

Ryggsekk med fullada mobil, førstehjelpsutstyr, fløyte, løpskart frå arrangøren, kompass, vindtette yttertøy, hovudlykt med ekstra batteri. (Ikkje hovudlykt for maratondistansen.) Utstyret er frivillig, men tilrådast. Mobiltelefon og GPS-sporingseinheit MÅ alle ha med heile tida. Dersom du går deg vill, MÅ du slå på telefonen, slik at arrangøren kan ringe deg.

Makstid

Deltakaren må bryte løpet dersom ein kjem til kontrollpost 10, Heimdal, etter meir enn 14 timar (klokka 22.00) Dette skal aksepterast, alle må stoppe. Løparen blir då køyrd med bil til målområdet.

Det er lignande sperrefrist på post 4 etter 23 km klokka 14 (seks timar).



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.