Link tab title



Telemarks Tøffaste > Resultat 2014



Resultat 2014

Ultravinnar 82 km kvinner: Maria Nordfjell, Tromsø Løpeklubb, 10.35.22.

Ultravinnar 82 km menn: Tom Erik Halvorsen, GTI, 8.16.01.

Maratonvinnar 42 km kvinner: Mona Riis Nordbø, Vrådal IL, 6.03.38.

Maratonvinnar 42 km menn: Joel Pedro, Australia, 4.17.16

Foto og video: Telemarks Tøffaste Facebookside. 

KLIKK HER mellomtidene. (Mål-tid her er ikkje nøyaktig, og det kan forekomme feil i lista, som baserer seg på gps-signal, men totalbiletet er ganske nøyaktig.)

RESULTAT NEDERST

 

Rekordras i Telemarksregn

Ultraløparane Tom Erik Halvorsen og Maria Nordfjell, og maratonvinnar Joel Pedro knuste vinnartidene frå i fjor med ein halvtime eller meir. Mona Nordbø frå Vrådal vann kvinneklassa 14 minutt før Sølvi Hjelmeland Stensli, og var nok ein av dagens gladaste.

 

Ettermiddagen blei prega av langvarig regnver, men det plaga ikkje løparane særleg mykje, og det var svært mykje glede å sjå ved målgang. Mange gjennomførte sin første maraton eller 82 km- ultra for første gong. Det var ein god del publikum som koste seg på den fine arenaen, i storteltet og rundt bålet, åt elgsuppe, vaflar eller pølse, og skapte god stemning etter som løparane kom i mål.

Alle løparar hadde GPS-sporing på seg, slik at alle kunne følge løparane undervegs kvar dei var, på nett. Publikum trudde knapt sine eine auger då dei såg farta til Ultrabirkenvinnar Tom Erik Halvorsen frå Sandnes. Han kom i mål på 8 timar og 16 minutt, noko som er 40 mimitt raskare enn fjorårsvinnar Terje Sandness. Maria Nordfjell sin ultrarekord i Telemark lyder på 10 timar og 35 minutt. Den eine slitne og blide løparen etter den andre kom i mål gjennom heile dagen til jubel, medalje, trøye, mjød og elgsuppe. Det timeslange «Telemarks Tøffaste Barneløp» rundt idrettsplassen i Treungen er blitt populært, og nokre av barna sprang svært mange runder, den som hadde flest klarte 18. Målet til arrangør Treungen IL er å skape idrettsglede og motivere til meir trening og folkehelse. Neste års Telemarks Tøffaste vil også by på terreng-halvmaraton, der løpsleiar Helge Reinholt lova rein trase som skal bli landets vakraste halvmaraton. «Vi gler oss til å vise dei tilreisande den fine stien langs Nisser, frå Røyrodden mot sentrum», seier Reinholt, som er stolt av alle naturperlene i denne delen av Telemark. Han rettar samtidig ein stor takk til dei om lag 50 medlemmane i idrettslaget som hjalt til med eit arrangement som teknisk og servicemessig var svært vellukka, utifrå løparanes reaksjonar å dømme.

Ein god del løparar på den lengste distansen gav seg halvvegs, noko publikum ikkje syntes var særleg rart, sidan YR sitt ekstremvarsel slo til. Særleg mange danskar syntes det blei glatt på svaberga. Men dei fleste var godt nøgde med løypa og forholda, og mange sette pris på det kjølande regnet, sjølv om myrane blei tyngre og blautare utover dagen. Heldigvis ga regnet seg i kveldinga. Uansett koste publikum seg med godt rigga arena, 100 kvadrat stortelt, fleire bålpanner, elgsuppe til salgs og GPS-løpet på storskjerm. Leverandøren av GPS-systemet, TrackYou, kjem nok til å få fleire ultraoppdrag etter kvart, for systemet fungerer fint. Nokre tilpasningar til så kjem nok dette til å bli meir og meir populært, sidan ultraløp blir veldig tilgjengeleg og publikumsvennleg.

Pall-vinnarane fekk store mjødkrus, laga av keramikar John Skognes, og premien til alle klassevinnarar er eit keramikk-mjødbeger med 1. plass skriven på, og med logoen til løpet. Litt interessant: Bare 35 av dei 108 som var med i fjor deltok i år. Årsaka er kan hende først og fremst Ultravasan som var bare to veker før. På startstreken sto det 84 nye og spente løparar - 61 i ultraløpet som har 3000 høgdemeter og var prøve-NM i terrengultra, og 58 i det som er Norges hardaste terrengmaraton med 1800 høgdemeter. Altså 119 totalt startande, som er 11 meir enn i fjor. Mange telemarkingar melde seg på dei siste par dagane, og fleire lokale imponerte med å fullføre sin første maraton.

Datoen for neste års løp er 5. september, med start klokka 9 eller 10. Arrangøren kjem til å legge ut mengder av bilde- og videomateriale på facebook etterkvart.

 

Alle løparar hadde GPS-sporing på seg, slik at alle kunne følge løparane undervegs kvar dei var, på nett. Det var automatisk mellomtidsregistering på alle postane. Klikk på "Lists" nede til venstre på linken, etter å ha valgt rett distanse oppe til venstre.. TrackYou-systemet er slik at du kan zoome inn, velge dei løparane du vil, og har i tillegg replay-funksjon, der du også kan velge kven sitt løp du vil sjå i ettertid, og med f.eks 250 x hastigheit ser du veldig bra korleis løpet gjekk!

Her er dei offisielle resultata  (sluttida blir tatt manuelt, og kan avvike frå GPS-måltida, som ikkje gjeld som resultat).

 

ULTRA 82 km KVINNER          
Plass Etternamn Fornamn Fødselsår Distanse Land Klubb Mellomtid MÅL
1 Nordfjell Maria 1969 82 km (45-49 år) Norge Tromsø løpeklubb 05:11:41 10:35:22
2 Bjorå Ingunn 1975 82 km (35-39 år) Norge AE BIL/HSK 05:49:51 10:44:07
3 Tverås Ann kristin 1969 82 km (45-49 år) Norge Runar IL 06:15:16 12:37:01
4 Bengtsson Linda 1985 82 km (23-34 år) Norge Klåveröds skidklubb 06:27:29 13:31:58
                           

 

ULTRA 82 km MENN

1 Halvorsen Tom Erik 1980 82 km (23-34 år) Norge GTI 04:02:01 08:16:05
2 Raistrick Paul 1972 82 km (40-44 år) Skottland Statoil BIL 04:11:09 08:26:15
3 Stovner Roar 1987 82 km (23-34 år) Oslo Romerrike Ultraløper-klubb 04:19:35 08:47:17
4 Søvik Christian 1977 82 km (35-39 år) Norge Privat 04:21:02 08:56:04
5 Tho Dag Olav 1974 82 km (40-44 år) Norge Hjartdal IL 04:29:36 09:09:04
6 Solvold Odd Ivar 1969 82 km (45-49 år) Norway Runar Tri 04:30:08 09:15:23
7 Johannesen Kim 1985 82 km (23-34 år) Norway Romerike Ultraløperklubb 04:49:14 09:46:15
8 Mjølhus Ola 1980 82 km (23-34 år) Norge Hjelmeland IL 05:04:48 10:12:30
9 Viveli Ove 1966 82 km (45-49 år) Norge Eidfjord CSC 05:06:51 10:21:08
10 Mittun-Kjos Thomas 1971 82 km (40-44 år) Norge Blodsmak Sportsklubb 05:04:02 10:33:39
11 Veenema Jan Albert 1974 82 km (40-44 år) Netherlands Team Iron Mind 05:08:15 10:48:49
12 Olsen Per Gunnar 1979 82 km (35-39 år) Norge Skagerrak sportsklubb 05:27:23 10:54:54
13 Håland Sveinung 1968 82 km (45-49 år) Norge IL Skade 05:18:00 10:56:00
14 Birkrem Kolbjørn 1957 82 km (55-59 år) Norge Flatdal il 05:04:48 11:07:26
15 Tveitdal Terje 1976 82 km (35-39 år) Hordaland Fenring Langdistanse 05:24:55 11:15:48
16 Øderud Thomas 1979 82 km (35-39 år) Norge Kristiansand Løpeklubb 05:25:09 11:18:47
17 Roth Per-Einar 1959 82 km (55-59 år) Norge Romerike Ultraløperklubb 05:32:40 11:18:47
18 Follerås Asbjørn 1977 82 km (35-39 år) Norge Lindåsen Sportslaug 05:47:36 11:44:11
19 Ruzylo Jakub 1984 82 km (23-34 år) Norge Fresh Fitness / Norsafe 05:40:07 12:11:04
20 Nielsen Niels Hygum 1984 82 km (23-34 år) Danmark/Norge (Bosat) Romerike Ultraløperklubb 05:42:30 12:30:14
21 Höök Kristoffer 1977 82 km (23-34 år) Sverige n/a 05:48:44 12:30:14
22 Løvås Steinar 1972 82 km (40-44 år) Norge Skagerak Sportsklubb 06:12:46 12:33:26
23 ørbæk tom 1966 82 km (45-49 år) norway Larvik brannvesen 06:15:16 12:37:01
24 Ruud Jørgen 1981 82 km (23-34 år) Norway Nets Active 06:23:04 12:37:01
25 Abrahamsen Leif 1969 82 km (45-49 år) Norge Romerike Ultraløperklubb 06:16:42 12:59:51
26 Aakre Eivind 1967 82 km (45-49 år) Norge FMC Technologies 06:15:31 13:17:31
27 Sirevåg Jostein 1990 82 km (23-34 år) Norge Team Bjønn 06:06:13 13:19:30
28 Modell Kristoffer 1978 82 km (35-39 år) Norge Romerike Ultraløperklubb 06:12:46 13:29:22
29 Navjord Anders 1970 82 km (40-44 år) Norge Narvik karateklubb 06:12:46 13:29:22
30 Harper Rodney 1981 82 km (23-34 år) Norge Bar Runners 06:13:11 13:31:58
31 Andersen Henrik 1966 82 km (45-49 år) Danmark Team Vulk 06:11:49 13:34:16
32 Kikkenborg Lars 1967 82 km (45-49 år) Danmark Team VULK 06:11:53 13:34:16
33 Baklid Lars 1967 82 km (45-49 år) Norge Konnerud IL 06:35:57 13:37:57
34 Helle Einar Bjørkaas 1982 82 km (23-34 år) Norge Askvoll og Holmedal IL 05:24:53 14:14:57
35 MacDonald William 1963 82 km (50-54 år) Scotland team thorning 06:03:47 14:27:47
36 Heimsvik Stian 1989 82 km (23-34 år) Norge Romerike Ultraløperklubb 06:06:13 14:58:05
37 Aasen Halvard 1956 82 km (55-59 år) Norway Ingen (I.L. Lundar) 07:21:59 15:47:44
38 Raeng Eriksen Brage 1997 82 km (14-17 år) Norge Team Brageir 06:26:04 15:52:12
39 Engdahl Geir 1972 82 km (40-44 år) Norge Team Brageir 06:26:04 15:52:12
40 Gautun Einar 1964 82 km (50-54 år) Norge Romerike Ultraløperklubb 07:13:37 16:17:46
41 Kronstad Knut 1953 82 km (60-64 år) Norge Romerike Ultraløperklubb 07:26:08 16:53:53
42 Kuthy Zoltan 1969 82 km (45-49 år) Sverige Swedish Trail Running 07:53:42 16:53:53
Brutt ultra halvvegs, fullført maraton: Rustad Simen Ellingsen 1985 82 km (23-34 år) Norge Romerike Ultraløperklubb 04:19:34 DNF
  Kofod Kenneth 1978 82 km (35-39 år) Denmark ingen 04:25:40 DNF
  Stamland Ole M. 1977 82 km (35-39 år) Norge Møller Management 05:11:32 DNF
  Engmark Morten 1971 82 km (40-44 år) Danmark Runwithpeople.com 05:43:49 DNF
  Warholm Daniel 1988 82 km (23-34 år) Norge Stamina Trening 05:45:47 DNF
  Paalsrud Knut Ivar 1964 82 km (50-54 år) Norge Romerike Ultraløperklubb 05:47:04 DNF
  Bo Hansen Anders 1980 82 km (23-34 år) Denmark Runwithpeople.com 05:47:08 DNF
  Øverbø Jon 1969 82 km (45-49 år) Norge Skagerrak Sportsklubb - Jotun 05:58:24 DNF
  Lorentzen Øystein 1977 82 km (35-39 år) Norge Ingen 06:19:35 DNF
  Sollund Kent-Ivar 1993 82 km (20-22 år) Norge Holmestrand Ultraløperklubb/HULK 06:26:04 DNF
  Kay Christopher 1987 82 km (23-34 år) United Kingdom N/A 06:28:24 DNF
  Håland Geir Salve Solli 1975 82 km (35-39 år) Norge Tvedestrand 06:30:51 DNF
  Bengtsson Mattias 1973 82 km (40-44 år) Sverige Knöppelåsen Ridgerunners 06:56:27 DNF
  Arnesen Sven 1961 82 km (50-54 år) Norge Romerrike Ultraløperklubb 07:10:05 DNF
  Hestdalen Bjarte 1985 82 km (23-34 år) Norge Øyfjell T&K 07:12:23 DNF
  Røed Ottar 1959 82 km (55-59 år) Norge Romerike Ultraløperklubb 07:56:11 DNF

 

MARATON 42 km KVINNER        
Plass Etternamn Fornamn Fødselsår Distanse Land Klubb MÅL
1 Riis Nordbø Mona Margrethe 1966 42 km (45-49 år) Norge Vrådal 06:03:38
2 Stensli Sølvi Hjelmeland 1965 42 km (45-49 år) Norge Romerike Ultraløperklubb 06:17:55
3 Paduch Julia 1979 42 km (23-34 år) Tyskland Møller Management 06:29:07
4 Lindbjerg Lone 1968 42 km (45-49 år) Danmark Ingen 06:33:23
5 Tveit Tori 1976 42 km (35-39 år) Norge Treungen IL 06:50:40
6 Fretland Audrun 1982 42 km (23-34 år) Norge Ingen 06:50:40
7 Andresen Tonje 1972 42 km (40-44 år) Norge Skagerak Sportsklubb 07:18:40
8 svenningsen tonje 1983 42 km (23-34 år) Norge ingen 07:54:53
9 Vik Sissel 1960 42 km (50-54 år) Norge Hillestadheia 08:38:00
10 Øverbø Sanna 1998 42 km (14-17 år) Norge Skagerrak Sportsklubb 08:46:30
11 Nordvik Kathinka 1998 42 km (14-17 år) Norge Skagerrak Sportsklubb 08:46:30
12 Reiulfsen Linda 1975 42 km (35-39 år) Norge Gjerstad IL 08:48:04
13 Lia Liv Kjellfrid 1952 42 km (60-64 år) Norge Treungen IL 08:55:08
14 Rekvik Oddrun 1957 42 km (55-59 år) Norge Treungen IL 08:55:08
15 Lauvdal Reidun 1954 42 km (60-64 år) Norge Treungen I.L 10:38:06
  Audestad Ragnhild 1965 42 km (45-49 år) Norge Romerike ultraløperklubb DNF
                     

 

 

MARATON 42 KM MENN

 

1 Pedro Joel 1981 42 km (23-34 år) Australia Bottom of the Earth 04:17:16
2 Holland Jørn Ivar 1988 42 km (23-34 år) Norway Flatirons Norge 04:21:14
3 Amundsen Frode 1984 42 km (23-34 år) Norge Nei 04:30:06
4 Waldejer Alexander 1988 42 km (23-34 år) Norge Skagerrak Sportsklubb 04:32:05
5 Blume Mads 1983 42 km (23-34 år) Danmark Merrell 04:39:25
6 van der Werve Youri 1999 42 km (14-17 år) Nederland Hornindal IL 04:40:54
7 Rahbek Dennis 1982 42 km (23-34 år) Danmark/Norge (bosat) Romerike Ultraløperklubb 05:00:36
8 Sælid Kjetil 1964 42 km (50-54 år) Norge Holmestrand Ultraløperklubb 05:15:33
9 Anderssen Albert 1966 42 km (45-49 år) Norge Pusnes BIL 05:18:50
10 Stranddal Svein 1955 42 km (55-59 år) Nor Gjerpen Fridrett 05:27:26
11 Leganger Erlend 1963 42 km (50-54 år) Norge Ingen 05:30:35
12 Nordby Simen 1990 42 km (23-34 år) Noreg Harding IL 05:32:44
13 Nystuen Lars Erik 1979 42 km (35-39 år) Norge Synergi Helse 05:35:28
14 Roalstad Trond 1982 42 km (23-34 år) Norge Ingen 05:45:00
15 Pettersen Ole-Morten 1974 42 km (40-44 år) Norge Sandar 05:47:36
16 Hagberg Stian 1974 42 km (40-44 år) Norge Drammen Slalåmklubb 05:49:51
17 Holskar Even 1979 42 km (35-39 år) Noreg Treungen IL 05:52:19
18 Hillestad Andreas 1997 42 km (14-17 år) Norge Hillestadheia 05:54:42
19 Stensrud Tollef 1962 42 km (50-54 år) Norge Storm 05:56:50
20 Hillestad Gunnar 1959 42 km (55-59 år) Norge Hillestadheia 06:01:54
21 Kvisberglien Håvar 1975 42 km (35-39 år) Norge Moss ck 06:03:28
22 Løyte ole kristian 1972 42 km (40-44 år) Norge Eidanger IL 06:16:52
23 Zaharia Claudiu 1979 42 km (35-39 år) Romania Nordstrand IF Triatlon 06:17:50
24 Bysted Thomas 1980 42 km (23-34 år) DK Bysted Consult 06:29:10
25 Fjelldal Jens Christian 1964 42 km (50-54 år) Norge Hoviga Spring&Ganglag 06:46:27
26 Håtveit Svein Petter 1973 42 km (40-44 år) Norge Holviga Spring&Ganglag 06:46:27
27 Chapman Tim 1975 42 km (35-39 år) UK Eltek BIL 06:50:40
28 Larsen Tom 1967 42 km (45-49 år) Norge Romerike Ultraløperklubb 06:54:25
29 Hagerup Yngve 1966 42 km (45-49 år) Norge Skagerrak Sportsklubb 06:57:58
30 Larsen Sverre Johannes 1996 42 km (18-19 år) Norge - 07:32:12
31 Støle Bjørnar 1996 42 km (18-19 år) Vest-Agder Valle IL 07:32:12
32 Fiskum Martin 1978 42 km (35-39 år) Norway Holmestrand Ultraløperklubb 07:34:49
33 Jahre Kristian 1973 42 km (40-44 år) Norge Holmestrand Ultraløperklubb 07:34:49
34 Fæhn Gunnar 1949 42 km (65-69 år) NO Romerike Ultra 08:03:37
35 Nielsen Kenneth 1968 42 km (45-49 år) Denmark Team Vulk 08:27:30
36 Helleberg Tarjei Dale 1979 42 km (23-34 år) Telemark nei 09:04:08
37 Nordvik Stein 1964 42 km (50-54 år) Norge Skagerrak Sportsklubb 09:04:54
38 Lauvdal Tor Eivind 1975 42 km (35-39 år) Norge treungen il 10:38:06
39 Lauvdal Rune 1987 42 km (23-34 år) Norge treungen il 10:38:06
  Rørstad Sveinung 1951 42 km (60-64 år) Norge Fürst BIL DNF
  Gullesen Otto 1960 42 km (50-54 år) Norge Storm DNF
  Bøen Brynjulf 1957 42 km (55-59 år) Norge Skagerak Sportsklubb DNF

 

Klassevinnarar TT 2014, beger av John Skognes:

82 km terreng-ultra, prøve-NM:

kvinner:

23-34 år: Linda Bengtson, Klåveröds Skidklubb, 13.31.58

35-39 år: Ingunn Bjorå, AE BIL/ HSK, 10.44.07

45-49 år: Maria Nordfjell, Tromsø Løpeklubb, 10.35.22

 

menn:

14-17 år: Brage Raen Eriksen, Team Brageir, 15.52.12

23-34 år: Tom Erik Halvorsen, GTI,  8.16.05

35-39 år: Christian Søvik,  8.56.04

40-44 år: Paul Raistrick, Statoil BIL,  8.26.15

45-49 år: Odd Ivar Solvold, Runar TRI, 9.15.23

50-54 år: William MacDonald, Team Thorning, 14.27.47

55-59 år: Kolbjørn Birkrem, Flatdal IL, 11.07.26

60-64 år: Knut Kronstad, Romerike Ultraløperklubb, 16.53.53

 

42 km terreng-maraton:

Kvinner:

14-17 år, delt: Sanna Øverbø og Kathinka Nordvik, Skagerak Sportsklubb, 8.46.30

23-34 år: Julia Paduch, Møller Management, 6.29.07

35-39 år: Tori Tveit, Treungen IL, 6.50.40

40-44 år: Tonje Andresen, Skagerak Sportsklubb, 7.18.40

45-49 år: Mona M. Riis Nordbø, Vrådal IL, 6.03.38

50-54 år: Sissel Vik, Hillestadheia, 8.38.00

55-59 år: Oddrun Rekvik, Treungen IL, 8.55.08

60-64 år: Liv Lia, Treungen IL, 8.55.08

Menn:

14-17 år: Youri van der Werve, Hornindal IL, 4.40.54

18-19 år, delt: Bjørnar Støle, Valle IL og Sverre Johannes Larsen, 7.32.12

23-34 år: Joel Pedro, Bottom of the Earth, 4.17.16

35-39 år: Lars Erik Nystuen, Synergi Helse, 5.35.28

40-44 år: Ole-Morten Pettersen, Sandar, 5.47.36

45-49 år: Albert Anderssen, Pusnes BIL, 5.18.50

50-54 år: Kjetil Sælid, Holmestrand Ultraløperklubb, 5.15.33

55-59 år: Svein Stranddal, Gjerpen Friidrett, 5.27.26

60-64 år: Gunnar Fæhn, Romerike Ultraløperklubb, 8.03.37

 

Vinnarar av lagtevlinga, plakett av John Skognes:

(Tre beste plasseringar uansett kjønn)

Ultra: Romerike Ultraløperklubb, 27 poeng (3., 7. og 7. plass)

Maraton: Skagerak Sportsklubb, 21 poeng (4., 7. og 10. plass)



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.