Link tab title



Telemarks Tøffaste > Program



Program

Les nøye og merk deg tidene. 

Program: Fredag 1. september 2017

17 – 20: Samling/ info på klubbhuset/ arenaen: Informasjon, etteranmelding, startnummerhenting, kartutdeling (frivillig).

Gratis kaffe og sosial samling rundt bålet.

Dersom du har spørsmål, ETTER å lest "Hovudinfo", svarer vi gjerne. NB! GPS-einheit til 43/81-løparar delast ut laurdag frå 07.30 til 08.30 - merk tida, det må gå raskt! 

 

Laurdag 2. september 2016

07.30 - 08.30: Utdeling av GPS-brikke og startnummer til 43/81-løparar, og kartutdeling. Merk siste frist 08.30! Eigne NM-startnummer i 81 km klassa til NFIF-påmelde løparar (norsk flagg på startnummeret)

08.50: Felles, viktig info. Alle må vere ved startstreken.

09.00: Fellesstart 43 og 81 km.

09.05: Startnummerutdeling 21 km.

09.25: Viktig info 21 km, dersom behov.

09.30: Start 21 km.

09:35 - 09:55: Påmelding barneløpet (kr.50,-)
10.00-11.00: Barne- og ungdomsløp på idrettsbanen, for 0 år opp t.o.m 10. klasse. Kor mange runder vil du løpe på ein time? Påmelding frå kl 09.30, kr. 50,- per pers. Telemarks Tøffaste-startnummer, diplom og premiar, som er TT-medalje og TT-buff eller TT-flaske!

12-13: Målgang dei beste på 21 km. Premieutdeling på pallen rett etter at nr. 3 er i mål.

13-15: Målgang dei beste på 43 km. Premieutdeling på pallen rett etter at nr. 3 er i mål.

14.00: Sperrefrist post 4, Lia, 23 km, for 43- og 82-km-klassene. Kjem du etter denne tida (5 timar) er du ute av løpet. Ingen sperrefrist for 21 km.

17.00-18: Målgang dei beste på 81 km. Premieutdeling på pallen rett etter at nr. 3 er i mål. Omlag samstundes blir det også NM-premieutdeling. 

 
MÅLGANG: Elgsuppe i kiosken (frivillig). Ein liten kopp til kvar.

I målgangsteltet er det vatn og banan til dei som vil ha. Sjølvbetjening.

Utover ettermiddagen og kvelden: Sosial samling i stortelt med bål, foto og film frå løpet på prosjektor, sal av mat, evaluering m.m.

Kl 22: Sperrefrist kontrollpost 9 Lonvatn, 56 km. Altså etter 13 timar. Kjem du etter denne tida, sjølv bare kort tid, er du ute av løpet og blir transportert til mål.

NB: Kan bli endringar, følg med  - og stikk innom Telemarks Tøffaste på Facebook, der skjer det stadig vekk saker og ting, info, spørsmål og svar m.m.



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.