Link tab title



Telemarks Tøffaste > Logoen og kulturprosjektet



Logoen og kulturprosjektet

Den dansande mannen

Logoen vår er ”Den Dansande Mann”. I Treungen finnast Sør-Noregs eldste hellemåling, truleg frå bronsealderen eller eldre, minst 3-5.000 år gamal.

Den tydelegaste figuren blir kalla Den dansande mann, men det kan hende at dette skal symbolisere fruktbarheit, jakt, vakt eller noko anna. Delar av traseen går på dei aller eldste stiane i området.

Det er kunstnar og keramikar John Skognes sin "Dansande Mann" vi bruker som logo til TT. Vi er takknemlege for at vi har fått lov til dette, og understreker dermed at logoen ikkje er "TT-mannen" først og fremst, men John Skognes sin oppteikning og tolking av hellemålinga. 

Vi skal altså løpe i spora til desse urfolka. Med godt samarbeid med grunneigarane finn vi fram til dei eldste stiane og ferdselsvegane i området, ryddar dei, merkar dei og brukar dei, til glede for lokalbefolkning, tilreisande og deltakarar i løpet. Kvaliteten på stiane blir stadig forbetra.

Ved å sjå på Telemarks Tøffaste som kulturprosjekt, vil også målet vårt, og den første tanken med arrangementet bli nådd på ein gjennomført måte: Vi må syne fram dei flotte heiene våre til fleire folk! Då skaper vi aktivitet, interesse, idrettsglede, tilreising og folkehelse!

For å klare dette må vi sjå heilhetleg på stirydding, merking, skilting, og ikkje minst informere om kulturminne, historie og små og store soger og kulturskattar i kulturlandskapet langs løypa. Dermed vil dei som deltar kvart år alltid oppleve forbetringar, og stadig kunne bli meir kjend med vakre Nissedal.

Det er mykje historie her. Og det er ikkje minst mange stiar i heiene og i langs kulturlandskapet, der vi kan sjå for oss folk i gamle dagar. Folk med buskap på veg til setra på 1800-talet, og heilt ned til jeger- og sankesamfunnet i steinalderen. Den beste stien frå punkt A til punkt B var det ingen vits i å endre på. Derfor er det godt å vite at vi vandrar og løper langs desse vegane  - i store delar av løpet.



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.