Link tab title



Telemarks Tøffaste > Løypa: Skildring i tekst 0-43 og 43-82 km



Løypa: Skildring i tekst 0-43 og 43-82 km

Her kan du lese ganske detaljert om løypa.

Dette gjeld 43 og 82 km. 21 km: Sjå eigen knapp til venstre i menyen.

LØYPEFORKLARING:

Del 1 av 81 km ultra er det same som ultramaraton 43 km. Start ved klubbhuset 250 moh, ein km sør for Tveitsund (Treungen sentrum) og langs den fyrste kilometeren har arkeologar funne fleire spor etter steinalderbusetting. Det var her endemorena etter istida la seg, derfor er det flatt og mykje sand fleire mil sørover, og her sluttar Nisser, Telemarks største innsjø, som går 40 km frå Vrådal (av "øvre dal". Nisser kjem av "nedre sjø", Treungen er norrønt for "Tridjungrinn", som betyr tredeling av eit område). Vi skal frå idrettsbanen og ut på den gamle jernbanelinja (Treungenbanen 1913-1967), mot sentrum og over Tveitsund Bru, Noregs lengste steinkvlvsbru for bilar, frå 1918. Vidare gjennom sentrum, som blir kalla Noregs nordlegaste Sørlandsby, opp til Tveitgardane og vidare opp heivegen til Nokkebu, ca 700 moh. Då har du hatt 8 km med gjennomsnittleg 8 % stigning, så starten er ganske hard (bortsett frå dei fyrste flate 1,1 km - perfekt for oppvarming), og her er det viktig å disponere riktig. Ned til Hakjorsvatnet, langs vestenden over Den lange Odden til nordre Hakjorsdalen, så forlat du vatnet og går opp ein liten bratt bakke til Bytemyra, NB! til VENSTRE over grøfte, vekk frå vegen etter drøye 9 km, på ein eldgamal sti opp Gjermundsdal, opp langs snaufjell og flott terreng til Hågfjell 802 moh, nedover snaufjellet, ned gjennom Bjønnfu og ein del gras som veks raskt over stien her og der, sjølv om vi ryddar vekk av og til (ver varsom, ALDRI løp når du ikkje ser kor du set foten), på gamle stiar og etterkvart ein drøy kilometer med svært våt myrsti, og ned Juvine til toppen av alpinbakken. Svakt nedover langs denne eldgamle kyrkjevegen bak Solli og bak og forbi Årak (dei eldste gardane i bygda), over husmannsplassen Norke, over Norkåsen 373 moh, med flott utsikt over Årak og ned mot sentrum, ned til viking/middelaldergravane, over riksvegen og ut til Røyrodden og bronsealdergravane der, opp til Røyråsen 328 moh, ned til Nisser (255 moh) og opp til toppen av Nordståkleiva, over riksvegen, forbi den gamle plassen Liland som no har fått nytt liv, ned til Lia, post 4 og matstasjon. Vidare 650 meter asfalt-riksveg bort til Vik, opp ATV-vegen/ stien til Hjasufsknatten 802 moh (ca 5 km, med ca 10 % stigning), og DETTE er faktisk siste skikkelige, lange stigninga/ toppturen på heile løpet, så opp til Hjasufs kan du ta i litt, ned til Øyvassbu ved nordenden av VAKRE heimre Øyvatnet 636 moh, sørover langs nordenden av vatnet til Øyvasshytta, ned til Hakjorsdalen og båthusa til Tveitfolket, opp til Nokkebu for andre gong (vasstasjon, post 6) og 8 km nedover til klubbhuset, same som dei fyrste kilometrane. Dei siste 1,5 kilometrane av bakken ned frå Tveit har 800 meter asfalt og kan vere ei belasting. Men kan hende også fint å slippe og tenke på steinar og overtråkk. Inn på idrettsbanen skal ALLE gjennomføre ein "æresrunde" før passering, OGSÅ 81-løparane som skal til depot!

Mål UltraMaraton 43 km! Og start del 2 i ultraløpet, kontrollpost 7 for 81-løparane, samt depot-telt der 81-løparane sjølve kan førebu saker og ting.

Ultraløparane skal no ut att og krysse jernbanelina tvers over, og inn på den gamle stien til Skuggenatten, og kjem etter 600 meter opp til toppen av lysløypa. Her skal du nedover svaberg, og over til svaberg/lyngheia (flatt) over til Baremslandvegen. Dette er ein eldgamal kyrkjeveg, og du passerer fleire gravhaugar, truleg frå bronsealderen. Til høgre 100 meter på riksvegen, deretter til venstre og sørover og idyllisk på jernbanelina att, over Tjønnefoss Dam 241 moh. Over dammen og langs ein tursti på svaberg og sti til nordvestenden av hyttefeltet Solheia, ut eit par kilometer på grusveg til Heimdalsvegen, til høgre og 1,3 km på asfalt langs fint kulturlandskap/ gardar. Her skal du inn på Rodevegen, og då er du inne på det berømte og enorme stisyklingsnettverket i Heimdalsheia: Barnålsti, sti i svaberg/ lynghei, klopper over myr. 100 % tilrettelagt sti! Du følger Rodevegen eit stykke oppover, og etter ein stund skal du inn mot Uvdalen. Så er vi nærleiken av Canvas Hotell, og skal frå Beinstigen ned og rundt Stigtjønn og opp til Berghyl, over Breivassrenna og følge den fine barnålstien mot Bjønntjønn. Her tar vi til venstre på stien, over bekken i Bjønntjønndalen og opp til skiløypene, og det fantastisk fine sørområdet på Bjønntjønn Hyttegrend, med strand, kanal og gapahuk. Ut til riksvegen og til høgre 100 meter, deretter opp til Øverlandsheia ca 3 km slak stigning på grusveg, til post 12, Øverlandsheia, drikke-stasjon. Inn i eit vakkert område med fleire fine utsiktspunkt, ein eldgamal hei-veg, som vi nyleg har opna opp att, men kan vere delvis ganske teknisk. Gjennom det vesle juvet i Grimsvadkleiva kan du truleg høyre sukk og surkling frå smånissar og underjordiske :) Over Fossane og inn i Tveitåsen 531 moh på herleg skogssti og siste kontrollpost 12, og deretter er det nedover til asfaltvegen og følge den mot sentrum der vi starta å løpe oppover, ned gjennom sentrum, til høgre etter brua, til venstre ved den gamle stasjonen, inn på lina og til mål ved klubbhuset.



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.