Link tab title



Telemarks Tøffaste > Løypa: Løypeinfo, merking, kart - DOWNLOAD MAPS



Løypa: Løypeinfo, merking, kart - DOWNLOAD MAPS

Om merking, distansar og løypeskildring mellom postane.

Her kan du også laste ned vårt store hovedkart over Telemarks Tøffaste-løypa. Klikk på "last ned" nederst til høgre. Til høgre ser du jpg-filer av dei tre ulike distansane, som du også kan laste ned og zoome rundt i.

Last ned:

Løypa er så godt merka at det i utgangspunktet ikkje skal vere nødvendig å bruke kartet, som du kan få ved startnummerhenting. Ver likevel oppmerksom på at merking og skilt kan forsvinne pga vind eller folk. Prinsipp: Du ser alltid neste merke. Dersom du ikkje ser neste merke, så løp 50 meter til, og du vil sjå merket. Det er ALDRI 200 meter mellom merkene  - i så fall har du truleg løpt feil, og bør snu.

21 km: Blått startnummer, blå skilt i løypa, blå band.

43/ 82 km: Gule (43) og røde (82) startnummer. Gule plakatar i løypa, og rød-kvite papirband over alt.

Eit par stader skal 21 og 43/82 løpe same retning, ein annan stad skal dei løpe motsett retning. Ikkje sjå på andre løparar, men følg merkinga til ditt løp.

Sjå meir om løypa til 21-kilometeren annan stad på denne nettsida.
.....

KORT LØYPESKILDRING OG DISTANSER    
       
0-43 km      
    mellom         totalt
Start - P1 Nokkebu Drikkestasjon 7,8 7,8
Litt asfalt og 7 km fin skogsveg    
       
P1 Nokkebu - P2 Hågfjell 3,9 11,7
Fin skogsveg, teknisk sti, svaberg/lyng, myr  
       
P2 Hågfjell - P3 Røyrodden 8,8 20,4
Svaberg/ lyng, myr, sti, skogsveg, grusveg, fin sti  
Krysse rett over riksvegen v ca 19 km.    
       
P3 Røyrodden - P4 Lia Matstasjon 3 23,4
Fin sti, skogsveg. Krysse rett over riksvegen.  
       
P4 Lia - P5 Hjasus 5,4 28,8
600 m asfalt, så til høgre, skogsveg/ATV, myr, svaberg
       
P5 Hjasus - P6 Nokkebu Drikkestasjon 5,6 34,9
Svaberg/ lyngsti, litt myr, sti langs innsjø, skogsveg
       
P6 Nokkebu - P7 Mål/ vending/ depot 8,1 43
Fin skogsveg, asfalt/grus siste 2 km     
       
43-82 km      
    mellom         totalt
P7  vending - P8 Rodevegen Heimdal 9,3 52,3
sti, fjell, litt myr    
       
P8 Rodevegen  - P9 Lonvatn Matstasjon 4,1 56,4
sti, skogsveg, sti i svaberg/ lynghei, krysse bekk/elv Godhyl
       
P9 Lonvatn -  P10 Berghyl 6,7 63,1
Sti i svaberg/lyng/ skog. NB: Mange andre stiar, følg merking.
       
P10 Berghyl - P11 Øverlandsheia 8,9 72
Skogssti, skogsveg, 100 m asfalt,  3 km grusveg opp til P11
       
P11 Øverlandsheia - P12 Tveitåsen 6,6 78,6
Sti, teknisk sti, svaberg, attgrodd veg, litt myr  
       
P12 Tveitåsen - MÅL 3,9 82,5
Sti,  litt asfalt (400 meter nedover), grusveg  
       
       

0-43 km-kart

21 km-kart

Last ned hovudkartet:



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.