Link tab title



Telemarks Tøffaste > Løypa: 21 km - tekst og GPS-fil



Løypa: 21 km - tekst og GPS-fil

Landets vakraste halvmaraton?

Download GPX-fil

Telemarks Tøffaste 21,1-kilometeren er snill og vakker, men likevel meir enn utfordrande nok, og truleg landets tøffaste halvmaraton. 500 høgdemeter, bare flotte stiar og flott terreng, nesten bare "barnålsstiar", mange perler og vakre stader! To gonger Nisserstien (fram og attende) med ei flott runde i Åraksskogane i midten. Her er GPS-sporet, for dei som vil laste det ned og prøve løypa: https://connect.garmin.com/modern/activity/865637197

TT 21,1 km: Start på idrettsplassen, gjennom Tveitsund, ned til venstre RETT ETTER Spar, ned til Jakobs Brygge bak og rundt den gamle fabrikken, følg Nisserstien til Lia, over riksvegen og så gardsvegen opp til matstasjonen, FØLG MED på matstasjonen!! FØLG BLÅ PLAKATAR, du skal til rett opp jordet frå låven, opp til skogkanten og deretter forlate 43/81-løypa, nemleg til venstre og så til høgre opp til Liaknatten (men bare følg merking og blå plakatar, ikkje noko problem bare du bruker augo), til Nappen, Bringebærjuvet, ganske bratt oppover eit godt stykke), deretter ned Stompebakkane, til høgre og bortover Russlivegenm her følger du 81/53-løypa til Norkåsen og Gravhaugane, og NB ved Gravhaugane skal du TIL HØGRE vekk frå 81/43-løypa, og innatt på den etter nokre få hundre meter svakt oppover til toppen av Nordståkleiva, Liland, matstasjonLia, ned gardsvegen og så Nisserstien tilbake. KNALLFIN TUR! Mat- og drikkestasjon to gonger, begge på Lia. Mat og drikke på Lia etter ca 7,3 og 13,5 km.



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.