Link tab title



Telemarks Tøffaste > HOVUDINFO



HOVUDINFO

NB:Miljøprofil. Alle bruker eigne koppar/flasker på drikkestasjonane.

 ALLE MÅ LESE DETTE. Det kan også vere ein stor fordel å følge med på Facebooksida til TT, og der ligg også bildegalleri. Det blir sendt ut e-post til alle påmelde to-tre dagar før løpet. 2017-løpet har same løype som i 2015 og 2016. 

Telemarks Tøffaste 2017:

Påmelding her: https://events.racetracker.no/telemarkstoffaste2017/ 

***** Terrengultra 81 km/ ca 2700 høgdemeter start kl 09. Pris: 800,- pluss obligatorisk NFIF-lisens kr 50. Kondis-rabatt kr. 50,-.

NB NB: 81 KM ER OPEN FOR ALLE. Det blir ein "total/ alle"-resultatliste. NM er eit "arrangement i arrangementet".

NB: DEI SOM VIL DELTA I NM TERRENGULTRA 81 KM MÅ VERE MED I KLUBB SOM ER REGISTRERT I NOREGS FRIIDRETTSFORBUND (NFIF). Liste over NFIF-klubbar ser du her: https://www.friidrett.no/om-nfif/sok-etter-klubbgruppe

***** Terreng-ultramaraton 43 km/ ca 1600 høgdemeter start kl 09. Pris: 600,- pluss lisens kr. 50. Kondis-rabatt kr. 50,-

***** Terreng-halvmaraton 21,1 km/ ca 550 høgdemeter start kl 09.30. Pris: 500,- pluss lisens kr. 50. Kondis-rabatt kr. 50,-

***** 1-times barneløp start kl 10. Pris 50,-. Diplom, medalje og TT-buff som premie

**Stort depot-telt med benkeplass til alle 81-km løparar som vil ha utstyr og mat klart til vending halvvegs.

**Ikkje matstasjon på arenaen, men vatn og banan til alle løparar som er ferdige, eller kjem til vending. (Du har jo eige depot...)

 ***** Knallgod merking og skilting. Det er aldri meir enn 200 meter til neste merke. Ved viktige kryss er det skilt, og/ eller TO BAND VED SIDAN AV KVARANDRE BETYR "OBS!OBS! PASS PÅ RETNINGA."

****** 1 dl Elgsuppe i mål for dei som vil ha (du hentar sjølv i kiosken dersom du vil), og dette gjeld ALLE løparar på 21, 43 og 81 km.   Sosial arena, bålkos og løpet i GPS og foto på storskjerm. Open kiosk med mat, kaffe og mineralvatn 10 - 24 eller lenger dersom behov.

 
 Ultraløparar kan velje å "stå av"/ bryte etter 43 km og få registrert ultramaratontida i eigen liste. 

 
 Det blir altså desse resultatlister:

 -Halvmaraton 21 (totalt + aldersklasser)
 -Ultramaraton 43 (totalt + aldersklasser) samt dei som bryt 81-km halvvegs. 
 -Ultra 81 (totalt + aldersklasser. Her deltar også alle NM_påmelde.)

-NM terrengultra 81 km senior og veteranklasser. Senior betyr ALLE over 18 år.

  

Aldersklasser: (18 års grense på 81 km)

12-13, 14-17, 18-22, 23-34, veteran 35-39 og 5-årsklasser vidare.

Tid og stad:

 
 Starttidspunkt: Laurdag 2. sept 2017 kl 09.00.  (Klokka 09.30 for 21 km, startnummerutdeling frå 09.05)
 Arrangør: Treungen Idrettslag.
 Stad: Idrettsanlegget i Treungen, Telemark fylke.
 Start og mål alle distansar: Idrettsanlegget, v/ klubbhuset.

Garderobe med dusjar og wc i klubbhuset. NB! Fint om du ikkje dusjar lenger enn nødvendig så det er nok varmvatn til alle.

Løype, merking og kart: 

 
Løypene er varierte og går i flott natur og løpsterreng, og har ei kulturhistorisk ramme, der vi løper i store delar på dei eldste ferdselsvegane i området. Nokre av stiane er over 1000 år gamle, og endå meir. Løypa er fullmerka med raudkvite band og gule vegvisarskilt for 43/ 81 km, og blåmerking og blå vegvisarskilt for 21 km.  På mange av skilta står det også kor langt du har kome. Kart er eigentleg ikkje nødvendig  - dette er nemleg ultraløp, ikkje orientering, men alle som vil ha kart kan få, og merking KAN forsvinne pga vind eller folk. Sjå elles "Løypa" her på nettsida og løpets Facebook-side for detaljert løypeskildring og bilete frå løypa. Ein stor fordel å kikke på Facebook-sida, der er det fleire detaljar, spørsmål og svar, og ikkje minst løypeskildring. 
 
 
 
NB: Løparar har IKKJE høve til å motta hjelp eller forsyningar undervegs i løpet av andre - altså bare arrangørens eige tilbod på mat- og drikkestasjonar. Unntaket er 81-km-løparar som kjem til klubbhuset etter 43 km, der har du ditt depot. Ingen løparar skal sette ut eige depot i løypa! Det einaste som er lov er å fylle vassflaske i bekkar o.l. Resten må vere i sekken.
 
Dette for å få rettferdig konkurranse. Brot på dette fører til diskvalifikasjon.
 
 

Løypeunderlaget:

 
 Fordeling av løypeunderlaget i antal kilometer, ca:
 
 Ultradistansen:
 Skogsveg/ ATV-veg 24
 Sti 27 
 Grusveg 7 (3 km oppover)
 Asfalt 6 (2 km oppover)
 Hei (svaberg, lyng) 15 
 Myr/ sti i myr 3
 
 
 Ultramaraton:
 Skogsveg/ ATV-veg 16 
 Sti 13 
 Grusveg 3 
 Asfalt 5 
 Hei (svaberg, lyng) 5 
 Myr/ sti i myr 2
 

Halvmaraton (ca): 

Sti/ Barnålssti 17

Grusveg/ skogsveg 2

Asfalt 1

Diverse (myr, svaberg, lyngsti) 1

   

Service, løype, opplegg, tidtaking, garderobe m.m.:

 
 Elektronisk GPS-sporing med automatiske mellomtider på alle kontrollpostane, som tikker inn direkte på nett undervegs i løpet (43 og 81). Sekretariat og løpsleiing ved klubbhuset. Offisiell sluttid blir tatt manuelt. På grunn av GPS-systemet ser altså arrangøren alltid kvar du er. Dersom du ikkje kjem til alle postane, eller i feil rekkefølge, er du diskvalifisert. GPS-systemet er IKKJE offisielle tider, men ein hjelp, og praktisk for arrangørar. God replay-funksjon.

GPS-brikka er slått på før du får den. Ikkje trykk på knappar medan du løper. SOS-knapp held du inne i tresekund ved behov for akutt hjelp/ alvorleg skade.
 
Halvmaratonløparane har ikkje gps-brikke. 

21 km går to gonger Nisserstien og gjennom Åraksskogen midt i (Idrettsplassen, sentrum, Nisserstien nordover, Lia, Liaknatten, Nappen, Bringebærjuvet, Stompebakkane, Russlivegen, Norkåsen, Gravhaugane, Nordstå, Liland, Lia, Nisserstien sørover, sentrum, idrettsplassen.) Blå merking og blå plakatar. PASS PÅ SKILTING OG RETT LØYPE ETTER 1. MATSTASJON VED LIA. Her skal du IKKJE følgje 43/81-løypa vidare, men rett opp jordet og TIL VENSTRE opp i skogen på venstre sida av fjellknatten.

Halvmaratonløypa krysser ultra/maratonløypa eit par gonger  - her er det godt skilta, men ver oppmerksam, eit par stader skal løparane løpe motsatt veg. Følg merking til DIN distanse.

81 km: RØDE startnummer. 43 km: GULE startnummer. 21 km: BLÅ startnummer.

NM 81 km: NORSK FLAGG-startnummer.

Matstasjonar:

Mat- og drikkestasjonar på dei same plassane som før.

NB!! Du må bruke eigen kopp/ flaske (miljøprofil). 

2 matstasjonar, etter 23 og ca 56 km, der det er brødskiver med ost/ salami, vatn, Cola, solbærsaft, banan og chips (potetgull).

3 drikkestasjonar: vatn, solbærsaft, Cola, og potetgull på 8, 34 og 72 km (ca).

Matstasjon målgang: Banan, vatn og elgsuppe til dei som vil ha ;)

NB! 21 km halvmaraton mat- og drikkestasjon på Lia (post 4) etter 7 og 13 km.

Matstasjonane kan tilby glutenfritt brød til dei som må ha det, men då må du sende oss ein e-post dersom du har dette behovet. 

 
 

Utstyr og sikkerheit:

 
 Sidan dette går ute i natur og villmark BØR løparar, både halvmaraton, maraton og ultraløparar, ha sekk eller magebelte med nødvendig innhald, som er:
 1: vindtett jakke,
 2: fullada mobil med brytnummer til arrangøren lagra (9085 8766) (OBLIGATORISK),
 3: litt førstehjelpsutstyr (bl.a enkeltmannspakke),
 4: fløyte
 5: ultraløparane må i tillegg ha hovudlykt på del 2, i alle fall dei som trur dei bruker meir enn 12-13 timar.

6. kart og kompass for dei som er usikre. Arrangøren meiner det ikkje er nødvendig dersom ikkje tåke. Dersom du ikkje ser neste merke, har du gått feil, og skal bare snu. I prinsippet skal du alltid sjå neste merke, dersom ikkje, er det ikkje meir enn 200 meter til neste merke. Aldri meir enn 200 meter.
 
 NB: Kva du har med i sekken er heilt frivillig. Men fjellvettreglane må du følge, og dei som er litt uerfarne bør absolutt ha pakka sekken iflg lista. Det kan vere kaldt og tåke på toppane. Dei raskaste og mest vandte kan gjere som dei vil, men sjå nøye på vermeldinga.

Kastar du frå deg søppel i naturen blir du diskvalifisert.
 
 Ved påmelding forpliktar du deg til å følge arrangørens reglar og instruksjonar,og du samtykker i at du deltar på eige ansvar, og at du før løpets start har lest og godtatt sikkerheitsinstruksen og eigenerklæringa. Dei under 18 (aldersgrense 12 år) må ha føresette til å underteikne for seg (klubbhuset fredag kveld eller laurdag morgon). Stavar er tillatt (men ikkje nødvendig for dei fleste). Vanlege naturvettreglar gjeld elles. Ved vass- og matstasjonane skal du kaste koppane i søppelkassa, og ikkje ta den med deg og hive den på bakken.
 
 Vi tilråder ein skikkeleg "løpesekk", men eit godt, praktisk og innhaldsrikt magebelte kan også fungere for dei litt meir erfarne.
 
 
 Startnummeret SKAL festast på framsida av kroppen, skal IKKJE brettast, heile lappen skal altså vere synleg. (Startnummeret festar du med sikkerheitsnål, som blir delt ut.)
 
 Nissedal Røde Kors er tilstades i dette løpet, med base ved klubbhuset, har bårelag klare for utrykning, og yter hjelp til mindre skader.
 

Lisens og etteranmelding:

 
 Friidrettsforbundet krev i tillegg lisens, som bl.a dekker forsikring mens du deltar. Anten kjøper du heilårslisens, eller så velger du eingongslisens, som er kr. 50,-. Denne lisensen, som alle må ha, har ei god forsikringsordning. Les meir om dette, og om korleis du kan kjøpe heilårslisens (bare for medlemmar i klubbar tilknytta NFIF), KLIKK HER
 
INGEN ETTERANMELDING etter onsdag 31. august kl 23.

SPERREFRIST:

43 og 81 km: Sperrefrist på 5 timar ved kontrollpost 4, etter 23 km. (kl 14).

81 km: Sperrefrist på 13 timar ved kontrollpost 9 (Lonvatn), etter ca 56 km. Altså: Kjem du etter kl 22 til post 9, er du UTE av løpet. Ingen diskusjon. Det går nok bra, ingen har kome etter sperrefristen før.

Halvmaraton: Ingen sperrefrist, men matstasjonen forsvinn kl 14 eller før, etter siste 43-km-løpar. Vi reknar med at du kjem i mål før det er gått 12 timar... Det er heilt greit om nokon har tenkt å vandre roleg rundt 21-kilometeren.

Sperring/ stopp av ultraløparar ved halvvegs/ depot kan gjennomførast dersom det kan vere nødvendig.

Logoen vår:

 
 Logoen vår er ”Den Dansande Mann”. I Treungen finnast Sør-Noregs eldste hellemåling, truleg frå bronsealderen eller eldre, minst 3-5.000 år gamal. Den tydelegaste figuren blir kalla Den dansande mann, men det kan hende at dette skal symbolisere fruktbarheit, jakt, vakt eller noko anna. Delar av traseen går på dei aller eldste stiane i området. Vi skal altså løpe i spora til desse urfolka!
 
 
 
 
 
 Arrangør:
 Treungen Idrettslag
 3855 Treungen
Info fram til 25. august: Helge Reinholt

e-post h <meldingSPAMFILTER@inissedal.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)elge@reinholt.no , tlf 97177014

Løpsleiing, tidtaking og kommunikasjon:
Treungen Teknologipark ved Kai Halvor Juva, tlf 9085 8766, og Racetracker v/ Daniel Callagher, tlf. 41500526 
 
 DERSOM DU BRYT LØPET SKAL DU MED EIN GONG RINGE DETTE NUMMERET:
 90858766.
 
 Telemarks Tøffaste (Ultra) tel med til ultrautmerkinga ”Hytteplanken”: http://www.kondis.no/retningslinjer-hytteplanken-2013.5145130-156938.html
 
 Telemarks Tøffaste (Ultra) tel med til ultrautmerkinga ”Ultraløperen”:
 http://www.kondis.no/retningslinjer-ultraloeperen.4777336-156938.html
 
 
 Med forbehold om feil. Evt endringar fram til løpsstart
 kan forekomme. Derfor må alle følgje med
 på nettsida og anna info. Endringar vil det bli tydeleg informert om.
 Som deltakar samtykker du samstundes i at arrangøren kan bruke bilete- og videomateriale fritt til eigen marknadsføring.



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.