Link tab title



Skuggenatten Opp 2. juni 2018 > Løypetrasé


NM i motbakkeløp og trimarrangement 

Skuggenatten Opp 2. juni 2018
Telefon: 41 55 87 38
E-post: kontaktSPAMFILTER@skuggenattenopp.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Skuggenattenopp.no


Løypetrasé

Her er løypa

Her ser du heile løypa, og kvar i bygda startområdet ligg. Les detaljert skildring av løypetraseen her: 

LØYPESKILDRING: 

Løypa er den same som før. 4,4 km lang fordelt på 456 høgdemeter. Start er ved idrettsanlegget 250 moh og målgang er på toppen av SKUGGENATTEN 706 moh. Løypetraseen fylgjer den gamle jernbanelinja sørover til startpunkt for merka turløype til SKUGGENATTEN. Vidare fylgjer den i hovudsak merka turløype til toppen. Løypa er tydeleg merka med blåfarge, i form av pilar, små steinvardar (nyllingar) og små punkt på fjellet akkurat der du løper. 

Dei første 800 metrane er heilt flatt på grusveg (den gamle jernbanelina, deretter 600 meter langs lysløypa, med svak stigning på svaberg, fram til "Skuggenatten 3 km"-skiltet. Då kjem det første og det lengste, hardaste bratthenget, 500 meter med 20 % stigning. På toppen av dette er det vannstasjon for konkurranseklassa (altså etter ca 2 km). Etter det vekslar terrenget mellom korte brattheng og småkuperte/flate partier. Den siste delen mot toppen (ca.270 m) startar med ei 15 meter lang trapp, litt brattheng og så flatar terrenget litt ut mot mål. Underlaget er om lag 70 % fjell, resten er skogssti (og grusvegen i starten).



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.