Forside > Bedrift > Nisser Hyttegrend


Ein ekte heilårsdestinasjon med fantastisk utsikt over vatnet og dei kringliggjande fjella!

Nisser Hyttegrend
Telefon: 906 38 523
E-post: olavSPAMFILTER@smartehytter.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: nisserhyttegrend.no

Nisser Hyttegrend
Fjone
3855 Treungen


Fantastisk utsikt mot vatnet

Smarte løysingar i små hytter

Til sals i hyttefeltet

Om Nisser Hyttegrend:

Nisser Hyttegrend ligg idyllisk til ved Nisser - Telemarks nest største innsjø. Nissedal er ein ekte heilårsdestinasjon med gode aktivitetsmogelegheiter vinter og sommar.
Gautefall, med sine alpinbakkar, kan ein nå på ca. 30 minutter. Her er det også milevis med langrennsløyper. På Fjone høgfjell, ein liten biltur opp i heia, blir det også kjørt opp langrennsløyper.)

Sandstrender

Vestsida av Nisser er kjent for sine lange, kvite sandstrender og er eit badeeldorado for borna med langgrunne strender, svaberg, kulpar og jettegryter.
Nissedal har også mange flotte oppmerka turløyper for trivelege vandre- eller joggeturar, og området er kjend for sine fantastiske sykkelstiar.

Smarte hytter

Saman med Smarte Hytter AS kan me tilby totalpakker på hytte og tomt til ein veldig god pris! Ved å velje leigetomt er inngangsprisen for ei hytte låg. Prisane på sjølveigartomtene er også svært rimelege.

Nisser Hyttegrend

Nisser Hyttegrend ønsker deg velkommen til visning når det passar deg.

Har du sett den fantastiske utsikten fra den nye hytta vår på Nisser hyttegrend? 



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.