Forside > Bedrift > Fjone hyttegrend > Stor familiehytte med høgstandard eigedomstomt til sals


Fine hyttetomter i Nordskogbukta ved innsjøen Nisser.

Fjone hyttegrend
Telefon: 35 05 46 23 / 901 98 411
E-post: kontaktSPAMFILTER@nordskogbukta.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Halvor Fjone
Tjonebergvegen 55,
3850 Kviteseid

Hytte på gul tomt 6.


Stor familiehytte med høgstandard eigedomstomt til sals

Prisantydning: 1 450 000,- kr

Bruksareal: 102 m²

Her ligg Fjone hyttegrend

Fjone hyttegrend ved Nordskogbukta, Nissedal (Fjone) er eit fredeleg lite hyttefelt regulert for maks 19 tomter.
Kort adkomst frå Grenland/Vestfold via Gautefall og Treungen eller via E134 gjennom Brunkeberg og Vrådal med bilferje over Nisser. Feltet ligg 3 km frå ferjesundet.

Om Fjone hyttegrend

Hytte ferdig utvendig på 1,5 mål eigedomstomt til salgs på tomt 6. Inkl. i prisen er ferdigstilling av atkomstveg inn på tomta med 2 biloppstillingsplassar, beising av ytterveggar og uteterrasse. Feltet har gode solforhold og ei eiga felles badestrand, småbåtbrygge, losseplass for båthengar i feltet. Ferdig utbygd fibernett for TV og data (50Mbs) fram til sikringsskap. Kort veg til andre av innlandsstrendene på Fjone som er blandt dei finaste i Telemark som Sandnesodden m.fl. Området rundt Nisser har flotte turmogleghetar og attraksjonar som f.eks. klatring i Hægefjell, Jettegrytene i Treungen og alpinanlegga i Vrådal og Gautefall.

Tilkomst/Tomteforhold

Permanent atkomstveg og biloppstillinsplass blir direkte inn mot hovudinngangen på sørsida av hytta. Hytta kan også leverast som nøkkelferdig viss ønskeleg.
Feltet er ingen tett hytteby og har store naturtomter med minimale terrenginngrep. Sikkert privat vatn- og avløpsanlegg og ferdig utbygd fiberbreiband for data og TV til alle tomtene. Det er lagt vekt på store tomter i heile feltet (ingen er under 1 mål) og å bevare kulturlandskapet rundt den gamle husmannsplassen Nordskog. .

Hytta

Stor familiehytte med 87m2 grunnflate og 102 m2 bruksareal på eigedomstomt med 5 soverom derav 2 i hemsen som har egen trappeoppgang og loftstoge. Passar godt for innvendig ferdigstilling i egen regi for den som ønskjer det.

Hyttetypa er "Smarte 102" levert som råbygg.

Ferdig har hytta 5 soverom, bad, bod og stoge med open kjøkkenkrok og er utvikla og levert av Nissedalsfirmaet Smarte Hytter.
Hytta ligg høgt i feltet på tomt 6 i tomteplanen med topp utsikt over Nisser.
Ingen ekstra tilkoplingsavgift for tilkobling til privat vatn og kloakkanlegg i tillegg til kjøpesummen. Årsavgift til drift av VA, vegvedlikehald og vinterbrøyting. Tomt 6 har ingen direkte naboar i feltet. Kartforretning av tomtegrensene blir utført i samband med salet.



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.