Forside > Bedrift > Fjone hyttegrend > Sjå våre tomter


Fine hyttetomter i Nordskogbukta ved innsjøen Nisser.

Fjone hyttegrend
Telefon: 35 05 46 23 / 901 98 411
E-post: kontaktSPAMFILTER@nordskogbukta.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Halvor Fjone
Tjonebergvegen 55,
3850 Kviteseid


Sjå våre tomter

Ledige høgstandard hyttetomter (6 stk.) med veg, vatn og avløp til tomtegrense.

Store heilårstomter ved den største innsjøen i Telemark.

Høgstandard eigartomter frå 1,0 til 1,5 dekar.

Privat veg, vatn og avløp. Prisantydning: frå kr 420.000 + omk.

Fjone hyttegrend ved Nordskogbukta

Fjone hyttegrend er eit lite og oversiktleg felt i grendemiljø for dei som vil ha strandtomter 50-100 m frå Nisser. Det er ikkje planlagt/regulert for fleire nye hytter enn dei 19 som er godkjent i reguleringsplanen. Store eigedomstomter frå 1-1,5 mål og minimalt inngrep i kulturlandskapet ved tomteplanering.

Strandtomter ved Nisser vil bli ettertrakta i åra framover fordi det truleg ikkje blir opna for meir nybygging i 100 metersbeltet. Ver tidleg ute dersom Fjone hyttegrend er av interesse for deg.

Tilkoplingsavgift og anleggsbidrag for tilknytting  av vatn og kloakk er inkludert i tomteprisen.

Ferdigstilling til byggeklar tomt

Utbyggar kan gje tilbod på ferdigstilling inkl. veg inn på tomta og. oppstillingsplassar, -byggeplattform med rør og kablar som oppstikk tilpassa hytteteikninga.

Terrenget er svakt skrånande skogsterreng/kulturlandskap på ein opprinneleg husmansplass. Det blir minimal utgraving og fylling på arealet rundt bygget når tomta blir gravd ut. Konseptet er å fjerne nødvendig humus og   matjord ned til fast grunn og fylle opp byggeplattforma med tilkøyrt knust fjell. Det sikrar at terrenget rundt hytta blir bevart urørt.

Info om lokale hytteleverandørar

Utbyggar kan hjelpe til med kontakt når det gjeld tilbod om hytter frå lokal byggmester eller andre  leverandørar.



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.