Forside > Artiklar > - hovedvegen til det


Telemarksvegen

- hovedvegen til det norske eventyret


Telemarksvegen er på veg tilbake til det norske turistkartet.

Etter ei lang tid i dvale, har næringsliv, byråkratar og politikarar langs riksveg 41 vakna og starta opp att arbeidet med å gjere Telemarksvegen til ein vegvisar til spennande attraksjonar. I samarbeid med reklamebyrået Tibe, har styret for Telemarksvegen lansert slagordet: Hovedvegen til det norske eventyret.

Telemarksvegen er ei perle, som viser veg til eventyrlege attraksjonar, aktivitetar, overnattingsbedrifter og serveringsstader. I tillegg til fantastisk natur, kan dei vegfarande oppleve både lokal matkultur, museum, festivalar og spennande aktivitetar langs ruta.

Viser veg

Næringslivet i Birkenes, Froland, Åmli, Nissedal og Kviteseid kommunar samla seg til eit felles møte 17. mars 2014, der dei gjekk saman om å profilere Telemarksvegen vidare. Vegen startar i Kristiansand, ute ved kysten, og går innover i landet, heilt opp til Brunkeberg. Målet er å utvide vegen forbi Seljord, Kongsberg og inn til Oslo.

Langs vegen står det informasjonstavler og dei karakteristiske Telemarksstavane, som viser symbol frå den rike folkekunsten i regionen.

Styret i Telemarksvegen har nytt møte den 1. april, og det er ingen spøk! 7. april blir det nytt møte med næringslivet på kommunehuset i Åmli. No går Telemarksvegen vidare!

TELEMARKSSTAV: Næringskonsulent i Nissedal, Kari H. Olstad, viser fram ein av Telemarksstavane, Mannen, som er frå stavkyrkja i Vegusdal. Foto: Simonas Fotostudio

I media:

Vest-Telemark Blad 25.03.14

Vest-Telemark Blad 13.03.14



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.