Forside > Artiklar > Sommarleg opning av Turine


Sommarleg opning av Turine

Knall blå himmel, strålande sol, og utsikt til glitrande Nisser. Opningsdagen kunne ikkje bli betre for Treungens nye, spennande sommarbutikk.


Folk strøymde til då dørene til det vesle, kvite huset bak Spar opna dørene klokka 10 fredag 30. mai. Mødre med småbarn som skulle ha Ben & Jerry's-is og kaffe, andre som var på gåveshopping.

Nytt og spennande

Søstrene Tone og Kari Gautefald Tveit har gjort om det som var gamle Fru Tveit, til ein ny og spennande sommarbutikk.

Her er kunstutstilling, med Tone sine eigne produksjonar, i tillegg til gåver og interiørartiklar - og is.

Nydeleg Ben & Jerry's-is i små beger, som kan nytast ute på den nye terrassen med utsikt over innsjøen Nisser.

Her er det fint å nyte is og kaffe. Foto: Asbjørn Tveit

Butikken er open fram til 30. august:

Måndag - fredag: 10 - 17

Laurdag: 10 - 15

SØSTRE: Tone og Kari Gautefald Tveit. Foto: Asbjørn Tveit



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.