Forside > Artiklar > Skøyteis i Nissedal!


Skøyteis i Nissedal!

Borstadvatnet på Fjone og Eidstjønn ved Tjønnefoss har lokka mange utpå isen etter nyttår.


Om skiføret let vente på seg, så er skøyteisen fin mange stader i Nissedal.

I helga var særleg barnefamiliane flinke til å kome seg ut for å prøve skøyteisen på vatn og tjønnar i kommunen. Små og store testa skøyteføret, grilla pølser og drakk kakao i solskinet.

Fin skøyteis

Det store Borstadvatnet på Fjone har vore eit populært mål for mange, likeså den mindre Eidstjønn ved Tjønnefoss. I Treungen er det også laga til ein liten skøytebane på idrettsbanen.

Nisser hyttegrend si Facebookside kan du sjå fine bilde og film frå Borstadvatnet.

Veret framover

Yr.no melder om litt nedbør dei komande dagane, så dersom du vil prøve skøyteisen er det kanhende lurt å raska på! Kyrkjebygdheia er ein av dei mest snøsikre stadane i Nissedal, så her kan det bli betre forhold utover veka for dei som helst vil gå på langrenn. Elles ser det ut til å bli ei veke med mykje fint og lett ver.

Klikk her for lokal vermelding for Holmvatn.



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.