Forside > Artiklar > Nissebesøk på hyttestanden


Nissebesøk på hyttestanden

Nissedalsnissen på bytur


Frå Nissedal til hyttemessa på Hellerudsletta

Nissedalsnissen bur i Nissedal kommune, men i helga dukka han opp på Hyttemessa på Hellerudsletta med rupesekk og fiskestong. Nissen skapte liv og røre rundt standen, heilt til Nissemor kom for å få han heim til vedhogsten! Det lika han ikkje, han ville helst bare sose rundt og snakke med folk.

Nissedalsnissen fiskar inn folk til Nissedalsstanden

Dessutan arbeidde han på provisjon. Han måtte dele ut bladet "Nissedal heile året" og prøvde fleire fantasifulle metodar for å få fiska inn folk på standen. Med djupe knebøy og bittelitt buksesig, stod han klar for å kaste ut snøret. Han liksom sveiva inn folk på standen, og folk lo og kosa seg av den artige Nissedalsnissen. Nissen bruka også fiskestonga som ein enkel bomveg, han delte ut "frukt" frå twistposen, der var både banan og kokos i.

Nissedalsnissen sin spesielle bomveg

Hyttefelt sammen på stand

Fire hyttefelt frå Nissedal har stått sammen på stand i helga:

Utsjå hyttegrend

Bjønntjønn hyttegrend

Haukåsen hyttegrend

Nisser hyttegrend

Nissedalsnissen



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.