Forside > Artiklar > Handletur i Tveitsund


Handletur i Tveitsund

Velkommen til små og sjarmerande butikkar i trivelege Tveitsund, Treungen.


Trivelege Tveitsund

Vinter som sommar er det hyggeleg å spasere rundt i Tveitsund. Her gjekk ferja over det vesle sundet før i gamle dagar og på den eine sida var det skjenkestove. I dag køyrer me over den gamle, fine steinbrua frå 1917, som bind Treungen sentrum sammen.

Skikkeleg god kaffe

På den eine sida av brua finn du matbutikkane Coop Prix og Spar Treungen. Interiørbutikken Svigerinnenes Draum ligg vegg i vegg med Spar og tilbyr dame- og barneklede, interiør- og gåveartiklar. I tillegg kan du kjøpe deg ein kopp med skikkeleg god kaffe frå kaffebaren der. 

Mat, blomar og gåver

På andre sida av vegen ligg gamle, ærverdige Treungen gjestgiveri. Her kan du få deg ein matbit før du ruslar vidare til blomsterbutikken Fru Tveit. I tillegg til blomar, finn du også her interiør- og gåver. Om sommaren er også kunstkafeen Turine open.

Alt til hus og hytte

På den andre sida av brua ligg ein ny og større interiørbutikk, Bruket Interiør, som ligg rett ved Bygger'n Treungen. Her finn du alt du treng for å bygge, vedlikehalde og innreide både hus og hytte.

På skattejakt

Nærare brua ligg ein liten, hyggeleg garnbutikk, Garnkurven. Og vandrar du ned langs gangvegen ved riksveg 41, kjem du først til Wenches bruktbutikk. Deretter må du gå eit stykke, forbi bensinstasjonen Best, og så kjem du til ein fortryllande liten handverks- og bruktbutikk. Ildiko og Ed Koopman lagar dei finaste møblar og interiørartiklar.



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.