Forside > Artiklar > Dette er Nordens beste bakar


Dette er Nordens beste bakar

For fire år sidan var han vernepleiar. I dag er Fredrik Lønne kåra til Nordens beste bakar i brød og baguett.


For fyrste gong har Noreg vunne Nordic Bakery Cup og for fyrste gong går eit norsk lag vidare til IBA-cup. I 2018 skal 12 nasjonar frå heile verda møtest til bakekonkurranse i Tyskland, og Fredrik Lønne frå Porsgrunn er ein av deltakarane.

Det er historisk. Tidlegare har me sett det norske kokkelandslaget ta gjeve prisar, men aldri før har norske bakarar hamna på gullplassering.

Ivar Bakke, Fredrik Lønne og Trude Beate Brendehaug vann kategoriane beste brød og søtbakst førre helg og blei dermed samanlagtvinnarar i Nordic Bakery Cup 2017. På andreplass kom Danmark, medan vertslandet Sverige inntok tredjeplassen. Ein flott pokal og invitasjon til IBA-cup var premien, i tillegg til mykje heider og ære.

Beste baguett

Beviset på at Fredrik bakar Nordens beste baguettar og brød, blir unekteleg flott å henge opp i hans eige bakeri, som han har planar om å starte ein stad i Grenland om eitt års tid. I dag arbeider han på Bakeriet i Treungen, eit nystarta, økologisk bakeri, som har gjennomført sin fyrste sommarsesong.  

- Det har vore fint å få vere med på opning og oppstart av eit nytt bakeri, seier den nybakte prisvinnaren.

Han sit på ein stol ved det store bakebordet av tre. Sekkane med økologisk kveitemjøl ligg i stablar i eine hjørnet, eltemaskiner og steikeomn i ein annan del av det store rommet som utgjer Bakeriet i Treungen. I dette bakeriet lagar han brød som skal hevast lenge. Det blir saftige brød, med god og smakfull skorpe.

- Eg synest det er spennande å sjå på mjølet som ei råvare. Mjøl er ikkje bare mjøl. Det er stor forskjell på kvar det kjem frå. Eit ustabilt og variabelt mjøl krev meir av bakaren, seier Fredrik.

Frå vernepleiar til bakar

For fire år sidan slutta han i jobben som vernepleiar. Han var utsliten og sjukmeld i to månadar. I denne tida starta han å bake. Las boka til Morten Schakenda og fekk sansen for det langsame arbeidet med deigar som skulle kaldheve lenge, lenge.

- Det er mest moro å gjere det så vanskeleg som mogleg. Når eg har begynt å få til noko, skal eg alltid dra det litt lengre, forklarar han.

Etter to bakekurs på Raulandsakademiet, ringte han til Morten på Bakeriet i Lom og spurde om han kunne kome og jobbe. Det kunne han og dermed var det gjort. Seinare har han tatt svennebrevet hos Siv Svolsbru i Ikke bare brød, og hatt baketreningsøkter hos Ingunn Gjone i gardsbakeriet På Fjøla.

Mot verdas beste

Fredrik Lønne er fast medlem av Baker og Konditorlandslaget. Siste helga i oktober skal landslaget legge strategien for å kjempe om tittelen verdas beste bakar neste år. 

- Det viktige no er å vite kva reglar som gjeld der, seier Fredrik.

- Er det andre ting me skal lage? Er det meir me skal lage? Slike ting.

Det er ein annan brødkultur i Europa, men baguettar er Fredrik ganske sikker på at dei skal bake. Så der er det bare å trene meir, sjølv for ein som er blitt Nordens beste.

Ein glad vinnar

Fredrik Lønne jobbar i Bakeriet i Treungen.



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.